GIMP: tipssamling 
  Tilbake til startsida

GIMP



 

Innføringar

Dette er ei samling av tips først og fremst til forbetring av foto.

Samlinga blir utvida når eg har bruk for å setje meg djupare inn i ein funksjon eller eit problem og samstundes har ånda og tida til å skrive ei innføring. Noen av innføringane er også laga til bruk på kurs i bruk av GIMP.

Dei første innføringane blei laga med GIMP 2.0, dei siste med det som skal bli versjon 2.8. Dette skulle likevel ikkje bli noe problem om du bruker t.d. versjon 2.6. Einaste kan vere at bilde av menyar o.l. ikkje er heilt i samsvar med det du har på maskinen din. Dette reknar eg med at du finn ut av likevel.

Førebels er det ikkje fleire innføringar enn at det er råd å halde oversynet. Skulle det bli mange av dei, får eg heller finne ein måte å gruppere innhaldslista på ein eller annan måte.

Sidan eg er med i utviklingsarbeidet for GIMP, kjenner eg litt til dei ulike funksjonane i GIMP slik at eg veit kva eg skal sjå etter når eg treng ein funksjon til eit bestemt føremål. Likevel oppdagar eg svært ofte at det finst andre måtar å bruke dei ulike funksjonane på enn slik eg trudde. Då er det å lese «Hjelp for GIMP» og eventuelt også å studere beskrivinga på heimesidene til utviklarane av dei ulike programtillegga som GIMP er sett saman av.

 

(Bildet viser filing av sirkelsag for skjering av tønnestav. Lyngdal dyrskue 2008).

Happy GIMPing

Kolbjørn

Filing av sirkelsag
Godt verktøy er viktig i alle samanhengar


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Ã… bruke lag | Retusjering | Ã… lage plakat | Ã… gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 16. januar 2012