Bakgrunnen for desse sidene |
Ein gong i fjern IT-fortid (dvs. 1990-talet) fekk eg bruk for å lære litt om HTML. Som så mange andre byrja eg med «Heimesida mi», men hadde heldigvis sjølvkritikk nok til ikkje å sende denne på nettet. Det gjekk enda eit halvår før kunstverket blei lagt ut offentleg. Heilt fram til hausten 2001 blei sidene nokså bra halde ved like, men då byrja eg på IT-pedagogikkstudiet (i tillegg til full jobb). Dei to neste åra blei kona, resten av familien, nettsidene og mykje anna forsømt. Sidan eg nå, dvs. frå hausten 2003, er tilbake i meir normale tilhøve, var det på tide å oppdatere nettsidene. Sidan alle sidene trong ein grundig gjennomgang, fann eg tida inne til også å endre noe på strukturen og navigeringa. Sidene burde nå vere fullkomne både med omsyn til innhald og layout, men også for ein IT-pedagog er det ikkje alltid samsvar mellom liv og lære. |
||||
Ut frå statistikken bruker fleirtalet av dei som er inne på sidene nettlesaren Netscape. Resten er fordelt på mange ulike lesarar. Mindre uventa er det kanskje at det store fleirtalet bruker ei eller anna form for Windows operativsystem. Ut frå dette var det meininga å lage nettsidene slik at dei blei sjåande nokolunde likt ut same kva nettlesar du bruker. Diverre har eg ikkje lukkast heilt med dette. (At noen bruker forelda utgåver av lesarane, tar eg ikkje omsyn til. Det finst inga orsaking for å nytte versjon 3 når siste utgåva kan lastast ned gratis frå nettet). Sjølv bruker eg Internet Explorer 7, Opera 7 og Netscape, alltid siste oppdatering, under utprøvinga. Eigentleg burde sidene også vore tilpass ulike skjermoppløysingar, men dette er ikkje gjort. Sidene er tilpassa ein skjerm med oppløysing 1152 x 864 pixels. Så lenge eg bruker «online.no» som vert for sidene, er eg nøydd til å halde meg til HTML og JavaScript. Dette gjer det alt for tungvindt og arbeidskrevjande å tilpasse sidene til kvar einskild brukar. |
I tillegg har eg prøvd å ta omsyn til alle som har busett seg i vår tids avkrokar, dvs. stader der glasfiberkabelen ikkje rekk fram. Dei fleste sidene er altså nokolunde raske å laste ned, også med analogt modem. Unnataket er bildesidene som er nøydde til å bli litt tunge dersom bildekvaliteten skal bli så nokolunde brukbar. Framsida er eigentleg nokså rask å laste ned (ca. 87kb totalt), men brukar ein del JavaScript og applets som må setjast opp av maskinen din. Her er det altså farten på maskinen sidene blir vist på som bestemmer tida. I førstninga hadde eg også gjestebok, men denne er tatt vekk. Rettare: ho forsvann av seg sjølv ein eller annan gongen vinteren 2002/2003. Difor valde eg som ei av programmeringsoppgåvene i IKT-studiet å setje opp ei gjestebok. Gjesteboka blei god den, skriven som ho var i programmeringsspråket PHP og med mySQL som database. Begge deler framifrå reiskap for den som vil ha aktive sider. Men då eg skulle installere gjesteboka, støytte eg på problemet med at online.no ikkje greier å handtere skript. Rett nok har eg nå skift «hotell», men i dag finst det så mange andre måtar å oppretthalde kontakten på, at eg har ikkje brydd mef noe særleg. |
|||
Har du merknader til sidene, layout, innhald eller noe anna, kan du kontakte meg på adressa nedst på sida. Du kan alltid kome tilbake til opningssida ved å klikke på merket «Stuestøl», anten øvst på sida eller annan stad. Noen av sidene har også ein streng oppe på sida med klikkbar meny. Lukke til med å studere sidene. Helsing |