Lov og landbruk
Merkverdige praktiseringar av odelslov og forkjøpsrettar i Lyngdal og andre stader. Praktiseringa av lovverket skifter etter kven som har fordelar av resultatet. Ei pressemelding, datert 10. 9. 1999, frå Landbruksdepartementet har overskrifta «Landbruket trenger kreativ ungdom». Her blir det framheva at landbruket treng nytenking og kreativ ungdom som verkeleg vil å satsa på busetting i distrikta. Nesten ei veke seinare kunne ein i Fædrelandsvennen lese om eit ungt par som miste odelsretten sin fordi noen etablerte bønder trong garden som tilleggsjord. Det er mogleg at statsråd Kåre Gjønnes (KrF) legg noe anna i formuleringane om kreativitet og nytenking enn det eg gjer. Sikkert er det i alle fall at enkelte med posisjon til å ta avgjerder, har ei heilt anna syn på rett og rettferd enn samfunnet elles har. Som det vil koma fram etter kvart, styrker sakene eg nemner nedanfor her påstanden om at praktiseringa av lovverket er sterkt avhengig av om du kjenner systemet og kven du kjenner i systemet. Fire saker frå Kvås i Lyngdal syner dette.
Sak 1: StuestølEtter å ha forvissa seg om at odelsretten ville bli bruk, kjøpte X garden Stuestøl for 150.000 kr. Garden er på ca. 30 da dyrka/dyrkbar jord og ca. 500 skog og utmark. Omlag samstundes kjøpte X ein gard på Birkeland i Kvås. I vilkåra heiter det m.a. at konsesjon blei innvilga under føresetnad at han beheld Stuestøl. Under rettssakene framheva X at det ikkje ville bli kravd odelsfrigjering. Landbrukssjefen i Lyngdal hevda at konsesjonsgrensa for denne garden ville vera rundt 8-900 000 kr! Heradsretten sette prisen til 715.000 kr, medan fleirtalet i lagmannsretten meinte prisen burde vera 710.000 kr. Argumentet for å setja prisen så høgt, var at garden var for liten til å leva av og såleis var avhengig av inntekter utanom bruket. Anke til Høgsterett blei avvist. «Normalpris» for overtaking av tilsvarande gardar i distriktet var på denne tida 75.000 - 150.000 kr. Saksutgreiingane for denne saka er både i heradsretten og i lagmannsretten så fulle av bevislege feil og omskrivingar av sanninga, at hadde dei vore skrive av ein av partane, hadde han blitt dømd for lygn, eller kva det nå heiter i juridisk språkbruk. Retten har tydelegvis først bestemt seg for utfallet av saka, og har deretter funne, eller produsert, argument som skal rettferdiggjere avgjerda. T.d. er eit uisolert kjellarrom med vask, dusj og vasspumpe kalla moderne bad av god til høg standard. (Domsmennene var rett nok frå Farsund, men også der reknar eg med at utedo og badestamp på kjøkkenet er avskaffa). Det er vel heller ikkje normalt at den eine av partane, i dette tilfellet saksøkte, fekk bli med på dei lukka forhandlingane heradsretten hadde etter synfaringa? Då eg gjorde lagdommaren (Ola Rygg, Skien) merksam på ein del av dei grøvste feila i avgjerdene hans, blei eg avvist med at dei hadde ingenting med prisfastsetjinga å gjere! Kartkunnskapane til rettsmedlemmene var nokså nær null. I alle fall trudde dei fullt og fast på sakførarens utgreiing om at «H» på kartet betydde at her veks det høgverdig, hogstmoden granskog. («H» = «høg bonitet», dvs. at det er gode veksttilhøve for gran dersom området blir planta til med gran). Då ein av domsmennene under synfaringa påpeikte at «skogen» ikkje hadde noen verdi, verken nå eller i framtida, blei han kraftig irettesett av dommaren. Han hadde ingenting med å vurdere skogen, bare registrere at han fanst. Samstundes var det heilt i orden å lovprise alle hyttetomtene som kunne seljast frå garden. Ei strek i rekninga at desse låg på naboeigedommen!
Sak 2: SkjerlandGarden Skjerland er av landbrukskontoret i Lyngdal oppgitt til å vera på ca. 61 da dyrka/dyrkbar jord, ca. 600 da skog og utmark. Landbruksnemnda i Lyngdal seier at prisen på garden, 350.000 kr, er noe høg, men kan godkjennast. (Taksten var 250.000 kr). I flg. nemnda var det bare to av jordsøkarane som kunne nyttiggjere seg garden som tilleggsjord, men diverre var begge desse bruka er for små til å leve av. Dessutan var dei aktuelle bruka busette og tatt i bruk att for to-tre år sidan, og hadde såleis liten landbruksproduksjon å vise til. I tillegg har den eine brukaren i flg saksutgreiinga inntekt utanom bruket, medan den andre er lærar. Difor blei det vedtatt at «staten ikke nytter sin forkjøpsrett til Skjærland». Garden blei i staden gitt til ein pensjonist frå Rogaland, som samstundes i praksis fekk varig fritak for buplikt på garden. Sidan garden hadde så lite dyrka jord, blei saka ført av skogbrukssjefen. Fylkeslandbrukssjefen fann, etter ei lang utgreiing, at «de landbruksmessige fordeler ved bruk av forkjøpsretten er så vesentlige i forhold til å opprettholde bruket som selvstendig driftsenhet, at forkjøpsrett bør nyttes». Han meinte likevel at prisen var for høg, og føreslo ny takst. Utan ei einaste grunngjeving, vedtok fylkeslandbruksnemnda å ikkje bruke forkjøpsretten. Anke til Landbruksdepartementet førte ikkje fram. Der var dei samde i at det var betre for landbruket at Skjerland blei brukt som fritidseigedom enn at garden blei tilflutt og sett i drift. Kva slag motiv og grunnar som ligg bak, er det opp til kvar enkelt å vurdere. Noen «landbruksmessige fordeler» er det i alle fall svært vanskeleg å sjå i denne avgjerda. Skjerland er nabogard til Stuestøl, med felles grense. Landbruksnemnda kunne likevel ikkje sjå at det var noen «arronderingsmessige fordeler» i å slå saman gardane. Tenk om dei i det minste hadde kikka litt på kartet, helst også synfart terrenget. (Det var dårleg ver den dagen landbruksnemnda var på synfaring, så ingen orka å sjå på meir enn husa). Fleire av medlemmene visste ikkje eingong kva gard dei var på, og visste heller ikkje at det budde folk på Stuestøl, så fylkeslandbrukssjefen måtte gripe inn med forklaringar.
Sak 3: BirkelandEit yngre par ønskjer å overta ein gard på Birkeland i Kvås. Mannen har odel etter besteforeldra. I følgje avisene er garden på ca. 120 da dyrka mark og noen hundre mål skog. Sjølvsagt finst det naboar som ønskjer garden som tilleggsjord, og papirmølla er i gang. Alle lokale politiske organ går inn for å halda på odelsretten. Landbrukssjefen meiner garden er for liten til å drivast sjølvstendig, og anker saka til Landbruksdepartementet og får medhald. Garden skal stykkast opp som tilleggsjord. Odelsretten betyr ingenting i denne samanhangen. Heller ikkje vedtaket i Stortinget 22. april 1998: «Det henstilles til Regjeringen i forbindelse med den varslede gjennomgang av landbrukspolitikken å vurdere om statens forkjøpsrett i prinsippet ikke skal benyttes i de tilfeller der den nye eier selv vil bebo og drive eiendommen.» Den eine av dei som nå fekk tilleggsjord var X. Framgangsmåten for å få kjøpt garden liknar elles mykje på den som blei brukt då X kjøpte Stuestøl.
NB! Stortinget arbeider for å oppheve reglane om forkjøpsrett i løpet av hausten 2000. Førebels gjeld likevel dei gamle reglane. Sjå Landbruksdepartementet: Praktisering av forkjøpsretten
Kreativt jordbrukEr desse sakene eksempel på den kreativiteten departementet ønskjer? Korleis passer dette inn i Stortingets vedtak om at staten skal vera lempeleg i praktiseringa av forkjøpsretten når kjøparane vil busette seg på garden? Truleg skal det vera vanskeleg å finne noen i lokalsamfunnet eller vidare utover som meiner at avgjerdene i desse sakene har noe med rett og rettferd å gjera. Korleis er det elles mogleg å femdoble prisen på ein gard på eitt år, eller den eine gongen få det til at ein gard på 60 da dyrkbar jord er stor nok til å "bestå som eget bruk", medan kort tid etter blir ein dobbelt så stor gard for liten til å drivast sjølvstendig. Den eine gongen er høveleg konsesjonsgrense 800-900.000 kr, medan ein større gard, med betre hus, er for dyr når salssummen er 350.000. Det må vera om lag uråd å finna eit logisk mønster i desse sakene. For folk med lokalkunnskap er det enklare. Denne X som stadig går att, er gift med landbrukssjefen. Statsråden og rådgjevarane hans er med avgjerda i Birkelandsaka totalt i utakt med lovverket, Stortinget og folkemeininga. Likevel har eg inga tru på at han vil gjera om vedtaket. Dei psykologiske forsvarsmekanismane har nok slått inn for lenge sidan. Protestane blir vel helst tatt som bevis på at folk flest ikkje ser sitt eige beste, og såleis må styrast av dei som har oversynet og kan sjå heilskapen i norsk landbruk. Kanskje er flesteparten av protestane frå folk utanom landbruket, og såleis ei utidig innblanding i saker dei ikkje har greie på. Dei fleste som driv jordbruk er avhengige av landbrukssjefane sin godvilje, og har rett og slett ikkje råd til å offentleggjere meiningane sine. Etter det eg har forstått, finst det mange liknande saker rundt om i landet, og fleire vil det sikkert bli slik politikken ser ut til å utvikla seg. Sakene frå Kvås er brukte fordi eg har kjennskap til desse og tilgang til sakspapira for eit par av dei. Eg var sterkt involvert i sak 1 og 2, men har ingen personlege interesser i sak 3. Dette siste gjeld også sak 4. Alle sakene kan sjølvsagt dokumenterast og er tilgjengelege i offentlege arkiv. Særleg sak 1 og 3 har i tillegg vore mykje omtalte i lokalavisene. Sak 2 fekk bare ein liten notis. For eit par år sidan antyda eg at vi også ville få ei sak 4. Denne er nå, som du ser, under full utvikling.
Dette er i store trekk det same som eg skreiv i eit brev til statsråd Gjønnes etter Birkelandsaka. (Sak 4 var ikkje kome opp då eg skreiv brevet). Meininga med denne sida er å syne korleis systemet blir misbrukt av dei som er i posisjon til å ta avgjerder uavhengig av vanlege lovtolkingar og normal saksgang. Skrivet er ikkje tenkt og meint som angrep på einskildpersonar, men det er vanskeleg å unngå at det kan bli tolka slik. Trass alt er det personar som står bak avgjerdene. For ordens skuld: Eg er ikkje jurist. Difor er språkbruken i innlegget prega av «vanlege folks» meiningar og tydingar av dei ulike formuleringane.
Ikkje bare i Lyngdal.I Fædrelandsvennen 17.11.1999 finn vi
Også her viser det seg altså at landbruksministeren går imot det som av folk flest blir tolka som normalt folkevet. Sjølvsagt forsvarer Gjønnes seg i Stortinget med at han har ikkje gjort anna enn å følgje rettsreglane som gjeld i landet. Var det ikkje slik noen forsvara seg for godt 50 år sidan også, etter krigen? (Her var det lenke til referat frå stortingsmøte 24.11.1999 og referat i Fædrelandsvennen 17.11.1999, men desse lenkene er brotne.
Utklippsarkivet mitt inneheld fleire liknande saker, men eg har avgrensa meg til ovanståande. Sida er likevel open for saker du meiner kan vere av allmenn interesse. Bør helst kunne dokumenterast med avisutklipp, sakstilvisingar ell. Skulle det finnast eksempel som viser det motsette av dei døma eg har vist, tar vi gjerne inn slike også! Kommentarar? Send e-post til meg. Adressa nedst på sida Etterord: Til jusstudentane som bruker denne
sida:
|