Slektssamlinga 2004
Dessutan:
|
|
Slektsstemne på Stuestøl
laurdag 24. juli 2004.
Vi har fått mange, dvs. meir enn tre, førespurnader om
å halde slektsstemne også i år. Etter samråd med noen av dei
ivrigaste, har vi kome fram til at laurdag 24. juli 2004 passar godt inn
for dei fleste. Difor inviterar vi alle som har lyst til å møte på
Stuestøl denne dagen. Reknar med at alle har grillmat og andre
nødvendige ting med seg. Dermed treng vi ikkje påmelding på førehand.
Programmet lagar vi under vegs etter som publikum ønskjer det. Eit
forslag likevel:
Program
12.00 - 14.00: Mat og drøs
14.00 - 16.00: Guida turar rundt om på ulike delar av garden.
16.00 - ??.??: Utveksling av slektsdata (munnleg, skriftleg, PC)
Avslutning når det måtte passe. Eventuelle endringar etter
behov.
Det er sjølvsagt høve til både bading, skogsturar eller andre
aktivitetar for dei som måtte ønskje.
|
Sjå elles slektsstemnet 2000 (Menyen oppe til venstre)
|