Tilbake til startsida 

Framsida pil Slekt pil Slekt i Kvås

 

 

 


Dessutan:

Slekt og slektningar


 

Vi er alle eit resultat av uteljande kopulasjonar bakover i tid. To foreldre, fire besteforeldre, åtte oldeforeldre osv. Talet på forfedrar doblar seg for kvar generasjon vi kjem bakover. Ikkje rart at slektslister kan bli omfattande! Noen aner går nok att fleire gonger, men lista blir meir enn lang nok likevel. Gjennom åra har eg periodevis vore svært interessert i å lista opp forfedrane mine. Etter at datamaskinen kom i bruk på 1980-talet, blei arbeidet mykje enklare enn det hadde vore før. Dessutan er det nå mogleg å halde oversynet. 

Registreringsarbeidet er svært tidkrevjande. Difor er det nødvendig å konsentrere seg om eit avgrensa felt og eg har altså av ulike grunnar vald å utdjupe Stuestølslekta. Reknar med at andre tar seg av dei andre aktuelle slektsgreinene.

Menyen til venstre fører deg vidare til det eg har av stoff innan slektsgransking. Vonleg vil det etter kvart også dukke opp lenker vidare til aktuelle kjelder. 

Svært lite av det eg har er lagt ut på nettet. Skulle det vere noe du saknar, kan det godt hende eg har noe om emnet likevel.

Lukke til. 

 


 

Personregistrering

For dei som måtte ha interesse av det, her er hovudrubrikkane i skjemaet eg bruker for å registrere namn i registeret. 

Namn:   Dette feltet må vera utfylt Kjønn: Må vera utfylt
Født:   Dato Stad
Døypt:   Dato Stad
:Død:   Dato Stad
Gravlagt   Dato Stad
Skifte:   Dato Stad
       
Yrke:      
Far:   Namn Fødselsdato/-stad
Mor:   Namn Fødselsdato/-stad 
Merknad:  

 

Dersom personen er gift/sambuar ell., før opp tilsvarande data også for ektefelle. Same med eventuelle barn. I tillegg kven som har gitt opplysningane. Merk at kvinner blir alltid registrerte med jentenamnet. Naturlegvis tar ein også med andre relevante opplysningar om personen. 

For kvar opplysning er det også viktig å føre på kjelda for opplysninga.

Mykje? Javel, men dette er minimum.



Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012