Tilbake til startsida 

Framsida pil Slekt pil Slekt i Kvås
Oldemor

Slekter i Kvås

Kvåsboka på data

Nesten 10 000 namn i arkivet

 

Oldefar

I samarbeid med Kvås bygdelag prøvde vi å lage slektsregister over alle personar som på ein eller annan måte har tilknyting til tidlegare Kvås kommune. Med løyve frå forfattaren, har vi registrert dei fleste, ca. 8.000, som er nemnde i «Kvåsboka, gard og folk» av Oddleif Lian. (Denne boka kan kjøpast frå Lyngdal kommune, kulturkontoret). Dei andre namna i arkivet er frå andre kjelder.

Planen var å finne ein måte å arkivera dette materialet på slik at andre kan få tilgang til det, anten via datamaskinen på biblioteket i Kvås eller via post/e-post, og ikkje minst at alle kan finna fram i arkivet. Førebels er det bare oss sjølve som finn fram, og snautt nok det.

 

Skulle du vera interessert i opplysningar frå slektsregisteret vårt, kan du ta kontakt. Adresse nedst på sida.
Kvås bygdelag har også ei stor samling av utvandrarlitteratur. Denne er tilgjengeleg på biblioteket.

 
     
Dei slektsprogramma vi har prøvd, har mange ulike utlistingsformer og statistikkar, men det er utruleg vanskeleg å finna fram til bestemte personar dersom du ikkje skriv namna slik dei er ført inn i arkivet. Leiter du etter Bertine Kristensdtr og du ikkje er klar over at ho eigentleg heitte Anne Bertine og difor er ført slik, finn du ho ikkje. Eit anna problem er at programma er lite fleksible med omsyn til skrivemåten på namn. Det burde vore fleire alias, dvs. plass til fleire skrivemåtar som alle var søkbare. Programmet oppfattar ikkje at Ivar, Iver, Ifuer o.l kan vere same namnet. Alle kvinner er førte med jentenamnet, sjølv om dette kan skape vanskar når du bare veit namnet vedkomande er gift til. Personar født før ca. 1850 er ført med farsnamnet som søkbart etternamn og, oftast, namnet på garden der vedkomande er født. Etter gammal skikk, var førenamnet og farsnamnet det eigentlege namnet på ein person. Gardsnamnet var nærast ei adresse, og skifte etter kvar gard vedkomande budde på. I arkivet har vi likevel stort sett brukt namnet på garden der personen er født som «adresse». Ole Iversen blei født på Stuestøl ca. 1690 og er ført i arkivet som Ole Iversen Stuestøl. Så lenge han budde på Stuestøl var dette også namnet hans. Då han seinare flytte til Bjørndalen skreiv han seg for Ole Iversen Bjørndalen. Skal du finne denne Ole, søker du på Ole Iversen. Vi har bruk Oddleif Lian sin «standardiserte» skrivemåte for namn frå før ca. 1900. Ola, Oluf o.l. er alle førte som Ole. Ivar, Ifver er ført som Iver. «Standardiseringa» gjeld også for gardsnamna.

Dersom du har bilde du ønskjer opplysningar om, prøv å senda dei til oss og vi kan leggja dei ut på nettet.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012