Tilbake til startsida 

Framsida pil Slekt pil Tips for Geni

Tips for geni.com

 

 

 


Dessutan:
Dette er ei samling tips for bruk av gratisversjonen av geni.com. Når du klikkar på ein del av vala geni gir deg, fører mange av dei fram til ei reklameside for betalversjonen. Dei fleste tipsa her er om korleis ein likevel skal kunne utføre handlingane utan å betala. 

Sjølvsagt kan tipsa også brukast i betalversjonen, men der er det som oftast enklare måtar å gjere tinga på. Noen fordelar må ein ha som betalande medlem. 

Tipsa er ikkje organisert på annan måte enn at dei er skrivne etter som eg har hatt bruk for dei sjølv eller har fått spørsmål frå andre om problema. Programmet er på engelsk, noe som også kan vere problematisk for dei som ikkje kan språket fullt ut. Dukkar det opp eit tilbod øvst på sida om å omsetje programmet til norsk, ikkje prøv å bruke det. Språket i den norske versjonen er håplaust ubrukeleg.

Etter at tipsa blei skrive, er Geni kome på norsk (bokmål). Åtvaringa ovanfor kunne såleis kanskje vore sløyfa. (Eg har fått førespurnad om å vere ansvarleg for nynorskomsetjinga. Men kvifor arbeide gratis for eit program eg må betale for)?

Diverre har geni.com forandra brukarrettane slik det nå er råd å bare legge inn 100 slektningar i gratisversjonen. Sidan eg ikkje har betalt for tenestene, kan det hende at ein del av tipsa ikkje er gyldige nå.

Litt om skrivemåtane.

Når eg skriv at du kan trykke eller klikke på eit merke eller eit symbol, betyr det at du plasserer musepeikaren over merket og trykker ned den venstre museknappen. Å dra eit namn eller liknande betyr at du må halde nede den venstre museknappen medan du flytter objektet ved å flytte musa. Når objektet er på plass, slepp du opp museknappen. 

 

1. Å flette saman tre

Du oppdagar at den same personen er ført opp i to eller fleire ulike familietre og ønskjer å slå saman desse.

Det finst fleire måtar å finne ut om den same personen er ført opp fleire stader i geni.com, anten frå eit familietre eller frå heimesida di.

Frå profilside:

Dersom geni har funne andre tre der personen kan vere medlem, kjem det opp ei melding om dette på profilsida til personen. Denne meldinga fører til reklamesida for betalutgåva av geni. Du må altså lese vidare.

Frå familietreet:

Når du lister ut familietreet ditt, hender det at det dukkar opp eit merke i øvre, venstre hjørne i noen av namnerutene. Dette er geni.com sin måte å fortelje at programmet har funne ein eller fleire andre oppføringar som kan vere den same personen. Svært ofte viser det seg å ikkje vere tilfelle, men av og til stemmer det. Den naturlege måten å kontrollera om oppføringane er same personen, er å trykke på merket, men då hamnar du oftast på reklamesida. Vi må i slike tilfelle gå ein omveg.

Frå heimesida:

Når du er på heimesida di i geni («Home» på menylinja øvst på sida) kan du finne ei liste på høgre sida omlag som vist til høgre her.

Trykker du på knappen «more» (dersom han finst) kjem det opp ei liste over alle personane i treet ditt som også finst i andre tre. Denne lista ser ut til å vere noe sikrare enn dei forslaga geni lagar i familietreet, men du må likevel sjølvsagt kontrollera om personane verkeleg er dei same. 

Nedanfor ser du eit utdrag av lista. Eg valde å sjå nærare på Katrine Skjerland. Litt fordi «manager» Gunnar Flateland har gitt meg løyve til å endre i listene hans. Dermed slepp eg vente på tillatinga. Dessutan, dersom eg ikkje har løyve til å administrera den valde personen, kjem reklamesida for geni Pro fram i staden.

Dersom du får opna familietreet ved å trykke på «View Tree» (Vis treet) kan du klikke her for å hoppe litt ned på sida for å følgje prosessen vidare. Kjem du til reklamesida, les du bare vidare like nedanfor her om å finne personar.

 

 

Å finne personar

Oppe i høgre hjørne på kvar side er det eit søkefelt der du kan skrive inn namnet på den du vil leite etter.

I dette søket fann eg to oppføringar av den same personen i to ulike familietre. I tillegg har eg tilgang til å gjere endingar i begge desse trea, både det eg styrer («Managed by») sjølv og i det andre etter tidlegare avtale med han som er oppført som styrar  av dette treet, Gunnar Thune Flateland.


(Bildet er forminska)

Eg opna familietreet som blir styrt av Gunnar Flateland i ei ny fane i nettlesaren ved å høgreklikka på «View Tree» og vel «Opne i ny fane» frå menyen som kjem opp. (Teksten i denne menyen vil vere avhengig av kva nettlesar du bruker). Etter litt kontroll, fann eg ut at dette er same personen oppført i to ulike familietre.

Dersom eg ikkje har løyve til å gjere endringar i familietreet, må eg be om dette ved å klikke på «Contact Profile Manager». Det kjem då opp eit ferdigskrive forslag til brev. Dette hadde eg behov for med omsyn til Ole Reiersen Brådland. Det ferdigskrive forslaget såg i dette tilfellet slik ut: 

Legg merke til at du må skrive inn «Security code», dvs. bokstavane i bildet (her SKOBVK) for at brevet skal bli godtatt. Sjølvsagt kan du endre på teksten om du vil. I dette tilfellet ba eg om at vi slo saman familietrea våre.

Å kople saman to oppføringar

Når du har fått bekreftande svar, kan du gå vidare i prosessen.

Nedst i namneruta for Abraham Hårekstad finn du knappen «more». Trykk på denne. det kjem då fram ein liten meny der eitt av innslaga er «Move this person» (Flytt denne personen).

Klikk på «Move this person». Dette resulterer i at det kjem opp eit nytt, flytande vindauge med data for Abraham Hårekstad.

 
Det flytande vindauget

 
Tekstboksen (noden) på veg

Dersom du nå opnar Abraham sitt tre i det familietreet du styrer sjølv, vil du sjå at «Map These People» følgjer med her også. Sett musepeikaren på namneruta til Abraham, hald nede venstre museknappen og dra ruta over namneruta hans i treet. Der slepp du museknappen. Det er dette som blir vist på bildet til høgre. Dersom Abraham ikkje var i dette treet, men ein nær slektning er der, kan du sleppe han nær denne slektningen i staden.

 

For når du slepp den flytande namneruta over den tilsvarande namneruta i familietreet, kjem det fram ein ny meny med spørsmål om den flytande Abraham er «Father» (far), «Husband/Wife or partner» (ektefelle), «Brother/Sister» (bror/søster) eller «Son/Daughter» (son/dotter) til den personen du sleppte namneruta over, eller om «They're the same person» (dei er same personen). I dette tilfellet er dei same personen, så eg klikkar på den linja. Dersom ingen av opplysningane stemmer, kan du trykke «Cancel» (Avbryt) og prøve med ein annan person.

 

Sidan det er ei nokså alvorleg sak å slå saman to personar til ein, får du ei siste påminning om du verkeleg vil gjere dette. «Er du sikker? Er Abraham (Eliassen Hårekstad same personen som Abraham Hårekstad?». Er du sikker, klikkar du på «Yes», elles må du velje «No».

Så du trudde vi var ferdige nå?

Det nærmar seg, men litt opprydding står igjen. Kikkar du nærare på namnerutene i treet, finn du at i det minste ruta til Abraham Hårekstad, og truleg noen andre også,  har fått ei lita kule nedst i venstre hjørne. Dette fortel at dei to originale profilane må slåast saman til ein profil. Dette er omtalt nedanfor i tipset Å flette saman profilar

 

 

Slå saman personar

Dersom du har trykt på knappen «more» på vindauget «Tree Matches» på heimesida di og vidare på «View Tree» på ein av personane på lista som kjem opp og får opna trevisinga, kan du fortsette her. Er du i tvil om kva eg meiner, sjå Frå heimesida ovanfor.

Eg trykte altså på «View Tree» for å få opp familietreet for Katrine. I tillegg til det vanlege treet, kjem det også opp eit vindauge over dette:

Her er det bare å trykke på «Start Merging Trees» og sjå kva som hender. Eg kunne også ha angra denne samanslåinga ved å trykke på «Undo this merge» eller utsett det til seinare ved å trykke på «complete later».

Dermed kjem det opp eit oversyn over det som finst på dei to familietrea om Katrine og dei næraste til henne.

(Bildet viser bare den øvste halvdelen av lista).

Studerer du den øvste linja, finn du der to mødre og to fedre for Katrine, eitt sett frå kvart tre. Her må du velje kven som er mor til Katrine. Når du har bestemt deg, plasserer du musepeikaren over den valde personen, trykker ned den venstre musebrytaren og drar vedkomande over den andre av foreldra. Altså mor over mor og far over far. Eg valde i begge tilfella den lengst til venstre sidan denne inneheld fleire data. Kven du vel er ikkje så svært viktig for du kan redigere profilen etterpå.

 

Den øvste linja ser nå slik ut. Deretter er det bare å trykke knappen «Continue» for å fortsette. Det same gjer du dersom du ikkje finn to utgåver av same personen i lista. Sjølvsagt kan du også angra heile greia ved å trykke knappen «Cancel».

Trykker du «Continue», kjem det opp eit vindauge som spør om dette er slik det skal vere.

 

Svar «Yes - Save» dersom alt er som det skal, eller «No - Go Back» dersom du ikkje er heilt nøgd med endringa.

Etter at geni hadde jobba seg ferdig, fekk eg melding om at samanslåinga var vellukka, og at det var ein person til som var i ulike tre og som burde slåast saman til eitt tre.  

Eg valde å gjere jobben ferdig, og trykte på «Start Merge», men kunne godt ha avslutta for i dag med å trykke knappen «Quit». Då måtte eg i tilfelle gjort resten seinare. Dette måtte eg gjenta til det ikkje var fleire personar igjen som skulle slåast saman.

 

2. Å flette saman profilar

Når du listar ut slektstreet ditt, kan du finne ei lita kule med eit pluss-teikn (+) nede i venstre hjørne av enkelte namneruter.

Held du musepeikaren over kula, kjem det fram ein tekst som fortel at denne personen ventar på å bli slått saman (merge) med ein liknande profil ein annan stad (i eit anna slektstre) i geni. Klikkar du på denne knappen, kjem det opp ei ny side med to profilar av same personen med alle kjende opplysningar om denne i kvar av profilane.

Nedst på den same sida finn du eit spørsmål om desse profilane er same personen. 

Dersom dei er same personen, trykk på knappen «Yes, merge these profiles». (Ja, flett saman desse profilane). Er dei ikkje same personen, trykker du i staden «No, undo this merge» (Nei, angre flettinga). Er du i tvil, trykk på «I'll decide later» (Eg avgjer dette seinare).

Svarer du ja for å slå saman desse to profilane, kjem det fram eit nytt vindauge med opplysningar om kva felt som er ulike i dei to oppføringane.

Du kan klikke på dei felta som du meiner er gyldige. Desse blir farga. Trykk deretter på «Save» (Lagra) for å lagra den nye profilen eller «Cancel» om du ikkje ønskjer å slå saman dei to profilane likevel. Trykker du på «Save», kjem den nye profilen fram på skjermen og du kan eventuelt redigere denne på vanleg måte.


 

3. «Connection failed»

Nokså ofte kjem det opp ei melding om at

Dette betyr at maskinen har mist kontakten med geni.com. Truleg fordi systemet er overbelasta. Du kan prøve om igjen heilt til kontakten blir gjenoppretta, men erfaringar viser at som oftast går det raskast om du kopierer adressa og limer ho inn i adresselinja på nettlesaren. Eg veit ikkje kvifor dette verkar, bare at det gjer det.

Eg har ein mistanke om at denne meldinga også kan kome fram dersom du prøver å utføre handlingar du ikkje har løyve til, men dette er ikkje bekrefta.


Skulle du ha merknader, korreksjonar eller ønskje om andre tips, ta kontakt på adressa mi som du finn nedst på sida.

Helsing

Kolbjørn

 

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012