Tilbake til startsida 

Framsida pil Slekt pil Bjunesslekta

 

 

 


Dessutan:
  Slektbilde Bjunes
Slekt og slektningar
 

Seier namnet Bjunes deg noe? Dersom ja, er kanskje resten av sida litt interessant?

Desse sidene er først og fremst tenkt å vere slektssider for etterkomarane etter 

Trine (Jacobsen), f. 14. juli 1883 på Hidra i Flekkefjord

Evert Bjunes, f. 15. juni 1879 på Bjunes i Sirdal

Slektssamlinga på Bjunes 4. 8. 2001 blei svært vellukka, med godt ver, god mat og mange hyggjelege folk. Difor bestemte vi oss for at dette møtet var eit prøveprosjekt for hovudstemnet i 2002.

Difor inviterte vi alle som er i slekt med Trine eller Evert til 
slektssamling på Bjunes 03.0 8 2002
frå omlag klokka 12 og utover.

Samandrag av invitasjonen:
Når alle tar med nødvendig mat og drikke til eige behov, treng vi ikkje bindande påmelding på førehand. Høve til grilling! Adolf har stilt husa på Bjunes til vår disposisjon denne dagen. Difor høver det bra å møtast der, uansett veret. Er du usikker på vegen? Kjem du frå sør, køyr gjennom Tonstad sentrum og sving til høgre like over brua. Etter noen få kilometer ser du skiltet med Bjunes på. Garden ligg nå til venstre, midt på sletta. Det andre huset på denne sidevegen. Framleis usikker? Ta kontakt med Gerd (Bjørkelid) Lie, Lyngdal eller underteikna, så ordnar nok alt seg.

Denne gongen kom det ikkje fullt så mange. For dei som møtte, blei stemnet likevel vellukka.

Slektsstemnet på Hidra 2003 blei svært vellukka, og vi møtte ein heil del av slektningane våre der.


Bjunes-slekta.

Førebels ligg det ikkje noe inne om denne slekta. Håpet er at noen av slektningane føler kallet til å ta seg av denne slektsgreina. Skulle du ha opplysningar om Bjunes- eller Jakobsen-slekta, er eg sjølvsagt svært interessert i desse. Tekst, bilde, avisklipp osv. Alt er av interesse. Det er bare å ta kontakt så ordnar vi plass på sidene her eller legg inn lenker ti aktuelle sider.

Else Mary og Kolbjørn


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012