|
Ein langreist BibelEingong på 1950-talet skulle Rikarda og barnebarnet Alf (ca. 8 år) besøke noen av søskena hennar på Nikkeby. På Skjervøy i Troms måtte dei vente ei stund på mjølkeruta. Kva var meir naturleg for bestemor enn å dumpe innom ein butikk som selde brukte ting. Der kjøpte ho ein gammal Bibel for 5 - 10 kroner. Då bestemora døydde noen år seinare, blei det dottera Lilly, mor til vesle Alf, som overtok Bibelen. Etter kvart blei også Alf vaksen, gift og fekk barn. Han oppdaga at dei tidlegare eigarane hadde skrive inn ein del viktige data i Bibelen, og gjorde det same om seg og sine. Det var jo ein grei måte å oppbevare data for ettertida på. Bibelen blei liggande. Alf flytte med familien til Sverige. I moden alder fekk han, som ein del andre, interesse for slekta si. Seinare kom Internett og gjorde det enklare å dyrke slike interesser. Nå kunne ein sitje heime og lese kyrkjebøker og andre aktuelle oppteikningar. Ein dag fann Alf at han ville søke på Internett etter namna som sto i den gamle Bibelen. Merkeleg nok fekk han treff på eitt av namna: Kristian Hågensen og fann det same namnet på slektssidene våre. 9. april 2009 fekk eg ein e-post frå Sverige frå Alf Hansen med eit spesielt innhald som noe avkorta kan summerast til «Eg har ein bibel med inskripsjonar utført av noen frå di slekt. Vil du ha han?» Det skal mindre enn dette til før eg blir nysgjerrig, så eg følgde oppfordringa i brevet, og tok kontakt. Etter noen e-postar att og fram, fekk eg ein dag Bibelen i posten. Alf skulle ikkje eingong ha dekka fraktkostnadene. For han var det gledeleg bare at Bibelen kom tilbake til slekta. Så sjølvsagt skal Alf Hansen ha så mange takk. Inne i Bibelen er det skrive mellom anna «Christian Haagensen afgik wid döden den 17 juni 1863. Og bak i Bibelen
Kristian Hågensen Risbakken var gift med Katrine Gundersdatter. Dei hadde borna William Tobias f. 16. juni 1858, Harald Gustav f. 28. des. 1860, Gunder Carolus f. 20. mars 1861 og Gunille Tobine f ca. 1863.
Årstalet for giftarmålet er vanskeleg å lese, men i følgje Alf Hansen var Kristian Hågensen født 26. mars 1831 og døypt 3. april same året. Han blei gift 31. januar 1859 oppført som ungkar og soldat. Kristian døydde 17. juni 1863 av lungebetennelse og blei gravlagt 22. juni som fattiglem. Det er altså ikkje heilt samsvar mellom inskripsjonane i Bibelen og kyrkjebøkene. (Ikkje uvanleg fenomen).
Far til Katrine var Gunder Wilhelmsen frå Kristiansand.
På 3. omslagsside er data for ektemannen og barna lista opp. Kristian Haagensen Fød den 23. April 1831
Bilda er manipulerte på ulike måtar for å få
tekstane så tydelege som råd er. Difor dei litt merkelege fargane på
noen av dei.
oooOOOooo Alf Hansen er eigentleg frå Hammerfest,
men er nå busett i Sverige. Du finn meir om denne hyggelege
slektsforskaren på heimesidene hans: www.alfhansen.se. Han har den sjeldne men alvorlege
sjukdommen amyotrofisk lateralsklerose, ALS, og har også noen
interessante sider om denne sjukdommen, som eg faktisk aldri hadde høyrd
om før eg såg nettsidene hans. Igjen: Ei stor takk til han som fann fram
til oss og spanderte Bibelen. |
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 16. januar 2012 |