Tilbake til startsida 

Kvås ungdomsskule 1959 - 1960

Samling 2014


Samling 2014

Mimrealbum:
 

Kanskje «kvåsingane» ikkje er som andre folk. Det vanlege er å feire runde tal rekna ut frå årstalet ein slutta på skolen. I staden blir det altså ei storsamling 55 år etter at vi byrja på Vest-Agder Ungdomsskule.

Forklaringa er nok meir prosaisk. På den tida vi kunne ha feira 50-årsjubileum, var skolen lagt ned og ingenting skikkeleg avklara med omsyn til slike samlingar. Difor blei det ikkje noe jubileum. Sjå «Skolen nedlagt» i menyen til venstre.

Olav har samla ei lita gruppe som har organisert samlinga. Resultatet er eit stort program over fleire dagar. Sjølvsagt med litt omvising i distriktet og mykje tid til prat og mimring.

Her er programmet for dagane:

PROGRAM

Lindesnes fyr

Tirsdag 3. juni:

  • Kl. 16.00 Innkvarteringen tar til.
  • Kl. 17.30 Omvisning på tunet ved den nye eieren.
  • Kl. 18.30 Kveldsmat i restauranten.
  • Kl. 19.30 Fellessamling i peisestua.
    • Vi får høre navn og bosted til hverandre
    • Karsten framfører egne viser
    • Underholdning, allsang
    • Einar innleder mimrestund med «Minner fra Kvås»
    • Kveldstanker v/Egil S. Eide
    • Kaffe og kaker

Onsdag 4. juni:

  • Kl. 09.00 Felles frokost og informasjon om dagens opplegg.
  • Kl. 10.30 Tur til Norges nyeste og lengste (220m) laksetrapp – Kvåsfossen, privatbiler.
  • Kl. 12.00 Lunsj på Kvåstunet.
  • Austheim, Kvåstunet
  • Kl. 13.00 Felles guidet busstur til Lindesnes fyr. Omvisning mm. på fyret, kaffe og vafler på Fyrgryta ved Lindesnes Fyr. Varighet: vel 2 t.. På returen stopper vi ved Spangereidkanalen og senteret på Båly.
  • Kl. 19.00 Festmiddag i restauranten og festsamvær i peisestua etterpå.
    • Karsten framfører egne viser
    • Underholdning – vi synger kjente Kvås-sanger
    • Kåseri v/Egil S. Eide: «Smilende livskunst»
    • Lillian leser egne dikt
    • Kveldstanker v/Sigbjørn
    • Kaffe og kaker
Kvåsfossen

Torsdag 5. juni:

  • Kl. 09.00 Felles frokost og avreise.

Andre opplysninger: Ta gjerne med bilder, gitar el. andre instrumenter.

Manglar du prislista for dei ulike arrangementa, ta kontakt med meg eller Olav, så ordnar vi det. Du finn e-postadressa til Kolbjørn nedst på sida her.

Medan du ventar på at dei store dagane skal kome, kan du kikke innom mimrestoffet du finn i menyen til venstre på denne sida. Minner også om Facebooksida. Søk i Facebook etter «Kvås folkehøyskole 1959/60» (Skolen heitte eigentleg Kvås folkehøgskule, men skrivefeil er vanskelege å unngå).

Det øvste bildet er solnedgang på Lindesnes fyr ein dag det var så stille at knotten var plagsam.
Det andre bildet er frå det som blei heitande Austheim. Tatt på den tida vi skulle hatt 50-årssamling. Alle vindauga i hyblane er fjerna. Bygget er nå pussa opp.
Det tredje bildet er frå Kvåsfossen for omlag 10 år sidan. Det nye anlegget ligg i fjellet til høgre på bildet. Delvis under fylkseveg 43.

 


| Framsida Kvås | Album 1 | Album 2 | Album 3 | Album 4 | Album 5 | Album 6 | Samling 2014 | Samling 1994 | Skolen nedlagt |

Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 18. juni 2014