Kvås ungdomsskole 1959/60 Side 1 
Tilbake til startsida 

Kvås ungdomsskule 1959 - 1960


Framsida VAU

Mimrealbum:
 

 

Følgj med på kva som skjer i det nye Kvåstunet

Tidlegare Vest-Agder ungdomsskule

Tidlegare Kvås folkehøgskole

Tidlegare Kvås vidaregåande skole

Nå Kvåstunet

Bilde 3
Nr 3

 

Våren 2003 fekk eg brev frå Anita om at ho og mannen hennar ville besøke oss til sommaren. Besøk fekk vi, men eg hadde sjølvsagt ikkje fått tid til å finne fram filmane frå vinteren på Kvås, slik eg hadde planlagt det. Hadde det rett og slett for travelt denne våren. (Var ferdig med ein større eksamen helga før dei kom). Nå er det betre tider, og eg er endeleg i gang med å overføre filmane til datamaskinen. Resultata er presenterte på desse sidene. Ein takk til Anita, Svanhild og Valborg som gav meg idéen til desse websidene.

Håper du finn at den tida det tar å laste ned sidene er verd ventinga. Tar si tid med modem.

Bilda er utan namn eller annan opplysande tekst. Dette fordi eg

  • ikkje alltid hugsar/kjenner att kven bildet er av
  • ikkje alltid hugsar situasjonen
  • må ha løyve av den/dei som er avbilda for å offentleggjere det med namn

Mange av bilda eg tok denne vinteren var etter oppdrag frå skolen. Hugsar ikkje nå kva dei blei brukte til, men kanskje for Kvås-Klemt? Akkurat dei filmbitane er vel borte. Det eg har att er truleg det fråsorterte materialet. Etter det eg hugsar, tok eg også noen slides (lysbilde). Skal rote i arkivet og sjå om dei finst framleis. Følgj med på sidene.

Kanskje kunne dette bli opphavet til ei mimreside? Har du merknader til sida, send gjerne ei melding.
Er det andre som har bilde frå denne tida, legg eg dei gjerne ut på sida, helst med namnet på eigaren av bildet. Send ein e-post (adressa nedst på sida), eller vanleg post, med bildematerialet og eventuelle kommentarar.

Både den fotografiske og den tekniske kvaliteten er ikkje overveldande, men eg har vald å leggje ut det eg har likevel. Reknar med at minneeffekten er sterkare enn den reint fotografiske nytinga.

Helsing
Kolbjørn

Bilde 33
Nr 33


| Framsida Kvås | Album 1 | Album 2 | Album 3 | Album 4 | Album 5 | Album 6 | Samling 2014 | Samling 1994 | Skolen nedlagt |

Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012