|
Desse sidene er meint å vere eit supplement til dei mange
gode matsidene på internett. Eit tillegg som i første omgang byggjer
på mattradisjonar frå Kvås (Lyngdal kommune, Vest-Agder) og dei
næraste distrikta.
Vansken er at dei fleste informantane ikkje følgjer
normaliserte mål og einingar. Kor mykje er «passeleg», «litt» eller
«ein neve»? Når tid sluttar fisken å vere fersk?
Det kan difor ta tid å få til ei oppskrift som kan følgjast av
alle.
Vi prøver etter beste evne å lage oppskriftene slik at
også folk utanfor den lokale mattradisjonen skal kunne kopiere og
prøve oppskriftene. Difor er det lagt inn fleire kommentarar enn i dei
vanlege kokebøkene. Skulle du likevel ha problem, eller merknader til
oppskriftene, send ein e-post til
Else Mary
.
|
|

Pinnekjøt med medisterpølse, erter og andre
grønsaker.
|