Stuestøl: Jan Engervik 
Tilbake til startsida 

Framsida pil Trubadurar
gamle Lindesnes fyr

Trubadurar med særpreg

Nordisk samarbeid

 

 

Konsert med innlagt middag. Hovudrett: Fiskekaker.
Campingtur med traktor og ei vise om middagsluren.
 

Niels Hausgaard (dk)

I Danmark sat Niels Hausgaard og skreiv underfundige viser om livet til folk flest. Om TV-titting og sladder og politisk maktkamp. Sjølv eit ærend på butikken for å kjøpe sjampo kunne ende opp med ei vise. Underfundig satire over dagens marknadsføring, eller kanskje ganske enkelt om den litt naive kunden som bare ville kjøpe litt sjampo for å vaske håret.

Jan Engervik (no)

I Lindesnes sat Jan Engervik og sette visene om til norsk. På ein underfundig måte greidde han å få med både ord og innhald og stemningane. Kanskje noe av løyndomen ligg i at han brukte dialekten sin. Avstanden frå Sørlandet til Danmark er ikkje så stor, verken i kilometer eller i folkelynne. Eit utrent språkøyre vil kanskje også tilføya «eller språk».

Hans Ericsson (se)

I Tvedestrand sat svensken Hans Ericsson og dyrka den svenske viseskatten. Etter kvart også med innslag av norske viser. Heldigvis møtte desse to trubadurane kvarandre. Både repportoar og lynne passa svært godt saman. Dei rett og slett utfyller kvarandre på ein forunderleg måte.


 

Bare for sørlendingar og danskar?

Etter å ha høyrt Jan Engervik både på CD og i radioen, fekk eg endeleg oppleva han live. Småpratande mellom visene, med oppklarande kommentarar og merknader. Dei danske gjestene låg flate over borda av latter, saman med sørlendingane. Folk frå Midt-Noreg og nordover prata vidare om sitt. Dei forsto orda i visene og i småpratet sa dei etterpå, men skjønte ikkje den indirekte og underfundige humoren. At programmet også inneheldt både snert og ironi, gjekk sjølvsagt hus forbi. Blir vi så overfora med plump TV-humor frå oslogryta og nordover at vi rett og slett blir avstumpa?

Sommaren 2004 drog Jan Engervik og  Hans Ericsson på turne i dalstroka innafor (dvs. dei indre bygdene i Vest-Agder) med ein Gråtass traktor og campingvogn. Kven andre kunne finna på noe slikt? Året etter køyrde dei heim att, på traktoren med campingvogna på slep. Avslutningskonserten heldt dei i Lindesneshallen, med eit lydhøyrt publikum og innlagt middag. Ein varm og vindstille sommarkveld heilt ute ved fyren, nytande dei svært gode fiskekakene - med diverse tilbehør - i solnedgangen mellom to konsertøkter. Ein ikkje heilt A4 konsert og ditto middag, men ei utruleg oppleving.

Hans Ericsson er forresten ikkje uvan med merkverdige sommarturnear. Ein sommar vandra han til fots frå Lindesnes og heim til Sverige med innlagte konsertar undervegs.

Har du ikkje opplevd desse to karane, har du verkeleg gått glipp av mykje.

 

Lindesnes fyr
Lindesnes fyr i solnedgang
 

 

På traktoren

Jan Engervik og Hans Ericsson ved Gråtassen (traktoren).

 

 

Matservering
Trubaduren i aktivitet som servitør

 

 

Jan Engerviks heimeside

 

 

 

 

 

(Biletet oppe til venstre er Lindesnes gamle fyr)
Sida laga i august 2005
(Jan Engervik godkjende sida usett )

Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 11. april 2013