Tilbake til startsida IKT i praksis - PHP

Meny
 
 
 
PHP
Botntekst
 
Pascal
 
Open Office
 

Kva er botntekst?

Botnteksten er i denne samanhengen ein tekst som blir vist nedst på ei side utanom den vanlege brødteksten. Ser du på desse sidene om IKT, vil du finne nedst på alle sidene opplysningar om kven som har laga sida og når ho sist blei oppdatert. Dette er botnteksten (også kalla «footer») for denne sida. Botnteksten er altså den same for alle sidene med unnatak av når sida sist blei oppdatert. Typisk oppgåve for php.

Resultatet av php-koden for botnteksten. Først ei vassrett linje, deretter ein html-koda tabell:

<hr>
<table border="0" cellpadding="0" cellspacing="0" width="100%">
<tr width="100%" style="font-size: 0.8em">
<td width="33%">Innhald og design:<a href="mailto:post@domene.no">Namnet</a></td>
<td width="34%" align="center"><a href="../index.html">Heimesida mi</a>
<td width="33%" align="right">Sist endra 12. mai 2010</td>
</tr>
</table>

Dette er rein html. Einaste som vil variera er dato for sist oppdatert. Det er altså denne vi må bruke php på.

Variabelen $sist_endra er ein tabell med dei nødvendige data. Det er bare å plukke ut dei rette data:

<?php
  $dato = $sist_endra[0]; // dato
  $m = $sist_endra[1]; // månadsnr
  $aar= $sist_endra[2]; // år
  $datert = $dato . '. ' . $mnd[$m] . ' ' . $aar;
?>

Bare eit par småproblem. Kva inneheld variabelen $mnd og kvar hentar $sist_endra opplysningane sine frå? Svaret på det siste spørsmålet er et desse kjem frå den sida som kalla opp botnteksten. På kvar side som skal ha denne botnteksten skriv vi inn eit oppkall der botnteksten skal plasserast:

<?php
  $sist_endra = array(
    date("j",getlastmod()),
    date("n",getlastmod()),
    date("o",getlastmod()));
  include 'botntekst.txt'
?>

Kommandoen date("j",getlastmod()) hentar inn datoen for når sida blei oppdatert. Bytt "j" med "n" for å få månadsnummeret og med "o" for å få det firesifra årstalet.

Variabelen $mnd er rett og slett ein tabell med månadsnamna på norsk. $mnd[1] er januar osv. Tabellen er definert slik:

$mnd = array ("null","januar","februar","mars","april","mai","juni","juli","august",
"september","oktober","november","desember");

Tabellane blir definerte frå null. For å halde på den vanlege nummereringa med januar som månad nr 1 osv. valde eg å setje inn noe tull i det første elementet. Det blir likevel ikkje brukt i dette programmet.

Den ferdige botntekst.php sida ser altså slik ut:

<?php
  $mnd = array ("null","januar","februar","mars","april","mai","juni",
    "juli","august","september","oktober","november","desember");
  $dato = $sist_endra[0]; // dato
  $m = $sist_endra[1]; // månadsnr
  $aar= $sist_endra[2]; // år
  $datert = $dato . '. ' . $mnd[$m] . ' ' . $aar;
?>

<hr>
<table border="0" cellpadding="0" cellspacing="0" width="100%">
<tr width="100%" style="font-size: 0.8em">
<td width="33%">Innhald og design:<a href="mailto:post@domene.no">Namnet</a></td>
<td width="34%" align="center"><a href="../index.html">Heimesida mi</a>
<td width="33%" align="right">Sist endra <?php print $datert ?></td>
</tr>
</table>

Nå er det bare å setje inn oppkallet der det skal vere å nyte resultatet.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 11. april 2013