Tilbake til startsida IKT i praksis - Pascal

Meny
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Om sidene

Om sidene

 

Kvifor desse sidene?

Eg hadde bruk for å lage eit lite dataprogram. Sidan eg hade vore borte i Pascal tidlegare, og sidan eg hadde Pascalvarianten Delphi 6 i maskinen, var det naturleg å bruke Delphi. Etter kvart oppdaga eg at Borland hadde slutta å vedlikehalde programmet. Eit anna firma hadde overtatt, men då i betalversjon. Under søka på Internett, dumpa eg over Lazarus, som bygger på Delphi. Lazarus er dessutan gratis, noe eg har sansen for.

Diverre er dokumentasjonen for Lazarus eigentleg er nokså mangelfull i høve til slik eg bruker språket. I tillegg fekk eg ikkje hjelsystemet til å virke. Ein del av hjelpsystemet for Delphi passa også for Lazarus, men ikkje alt. Dermed blei det mange søk på Internett og mykje prøving og feiling. Dersom prosedyren var svært viktig for meg, hende det at eg måtte studere den aktuelle «uniten», altså programtillegget som inneheldt prosedyren. Var området mindre viktig for meg, brydde eg meg ikkje om å utforske kommandoane nærare.

For å hugse alt, måtte eg notere erfaringane mine. Det er desse notata som er bakgrunnen for desse sidene. Sidene er altså ikkje noe lærebok i programmering eller i Lazarus, men kommentarar til enkelte av rutinene i Pascalvarianten Lazarus.

På desse sidene har eg bare tatt med opplysningar som anten er vanskelege å finne eller som eg ofte har bruk for.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 11. april 2013