Programmering
Tilbake til startsida IKT i praksis

Meny
 
Framsida IKT
 
 
 
 
Open Office
 

Programmering

Desse sidene handlar stort sett om programmering i ulike språk og former, men også litt om andre ting som kjem inn under emnet IKT og opplæring. Eit par tips om bruk av Open Office, dvs. fri programvare, er også sett inn her.

Programmering med Pascal

Pascal er faktisk eit svært logisk og etter måten enkelt programmeringsspråk som inneheld utruleg mykje. I dag er det kanskje litt gammaldags å like Pascal, men språket er faktisk betre til dei fleste føremåla enn dei meir populære C++ og programmering i Linux. Eg har prøvd begge, og noen til. I eksempla mine har eg brukt Pascal-varianten Lazarus, som igjen bygger på varianten Delphi. Begge desse har nokså mange innebygde rutiner for å bygge opp skjermbildet. Dette forenklar programmeringa nokså mykje. Delphi hadde tidlegare ein gratisversjon, men finst nå bare i betalversjon. Lazarus er gratis.

 

Programmering av nettsider

Det meste i denne seksjonen handlar om bruk av stilark, programmering i PHP og dei løysingane på ulike praktiske problem eg har funne fram til. PHP er eit nokså mangfaldig språk, så svært ofte finst det mange måtar å løyse oppgåvene på. Eg kan difor ikkje påstå at eg har funne dei beste løysingane, bare at løysingane verkar ut frå intensjonane mine.

Kvifor ikkje bare html og skript?

Det mest brukte språket for å generere koder som kan lesast i nettlesaren (browser) er HTML. Dette språket dekker dei mest grunnleggande krava til layout av sidene. Sjølv om det finst ein standard for korleis kodene skal tolkast, har det vore tradisjon for at dei ulike nettlesarane likevel har tolkar med små, men viktige avvik. Ein del av dette kan rettast på ved hjelp av stilark («style sheets»), men også her støyter ein på problemet med ulike tolkingar. Ivrige programmerarar har i årevis retta opp ein del av desse skavankane med skript, dvs. små programkoder som gjer forandringar i kodene ut frå kva nettlesar som blir brukt. Det mest brukte av desse skripta er nok Javascript. Javascript er eit relativt avansert programmeringsspråk som kan lesast av alle nettlesarane. Ulempen er at brukarane kan slå av skript slik at dei ikkje blir lesne. Dette er det mange som gjer fordi skript også kan brukast for å infisere maskinen med skadeprogram som t.d. virus.

Du kan kontrollere om ei side inneheld skript ved å velje «Vis kjeldekode» i nettlesaren og sjå etter taggar som t.d. <script type="text/javascript">. Sidan du først er inne på kjeldekoden, kan du sjå etter filnamn som sluttar med .css. Dette er stilark. Stilane kan også setjast inne i html-taggar. Då finn du dei ved å sjå etter <div style="background: white;"> eller noe i den duren. Ein tredje måte å definere stilar på er å legge stikoden inn direkte på sida. Dette blir gjort mellom taggane <style> og </style>.

Kvifor PHP?

Programkoden for PHP ligg på tenaren (som er det vedtatte norske namnet på servaren). Når sida blir kalla opp, blir resultatet av PHP-programmet sendt til oppkallarmaskinen. Er du lei av at mottakaren ignorerer dei fine hjelpeprogramma dine i Javascript ved å stenge maskinen for skript? Då er php tingen. Her er det du som bestemmer alt.

Til vanleg blir PHP ikkje brukt åleine, sjølv om det er mogleg, men i kombinasjon med HTML og stilark. Dette gir den enklaste og mest fleksible programmeringa. HTML-kode blir brukt der alle nettlesarane tolkar ein bestemt kode på same måten. PHP blir brukt for å velje mellom ulike stilark, og av og til html-koder, der desse må tilpassast brukarmaskinen.

Programeksempla

Programeksempla eg har brukt er laga fordi eg hadde bruk for dei sjølv. Av og til er eksempla direkte kopiar av programma mine, andre gonger forandra for å kunne tilpassa dei andre bruksmåtar eller for å vise andre måtar å løyse oppgåvene på. Eg reknar også med at du har litt kunnskap om php. Difor er ikkje alle programdetaljane kommenterte.

Lukke til


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 18. januar 2012