Tilbake til startsida IKT i praksis. Stilark


Fargar

Svært mange av kommandoane i CSS inneheld, eller kan innehalde, fargar. Difor eit eige kapittel om dette emnet.

Fargane på skjermen blir laga ved å blande dei tre grunnfargane raudt, grønt og blått. Kvar farge kan såleis definerast med mengda av desse tre grunnfargane. Det enklaste ville altså vere å lage ein kommando der ein kunne skrive inn kor mykje det skal vere av kvar av grunnfargane i ein bestemt farge. Dette er også gjort. Systemet blei utvikla for 8-bits kode. Difor kan kvar grunnfarge ha 256 ulike styrkegrader (frå 0 til 255). (I 8-bits koden er det råd å definere 256 ulike tal). Dermed kan vi definere ein farge som raud = 255, grøn = 0, blå=0. Dette ville gi rein raudfarge. I CSS blir dette gjort som

color: rgb(255,0,0)

Mange er vane med såkalla hexnotering frå html-kodinga. Difor kan også denne skrivemåten brukast:

color: #FF0000

Liker du betre å bruke prosent, kan dette også la seg gjere:

color: rgb(100%,0%,0%)

Prosenttalet gjeld for kvar grunnfarge for seg. Du kan altså gjerne definere fargen rgb(100%, 50%, 50%) som vil tilsvare rgb(255,128,128) og #FF8080.

Det kan vere problematisk å finne ut av fargefordelinga for ein bestemt farge. Det kan difor vere greitt å bruke eitt eller anna fargeprogram som omset fargane til f. eks. hexkode. Leit litt på nettet, så finn du sikkert noe. Sjølv bruker eg GIMP eller det programmet som er innebygd i TopStyle Pro.

Fargenamn

Det er i CSS definert 17 fargenamn som blir forstått av alle nettlesarane. Dette er

maroon #800000 red #ff0000 orange #ffA500 yellow #ffff00 olive #808000
purple #800080 fuchsia #ff00ff white #ffffff lime #00ff00 green #008000
navy #000080 blue #0000ff aqua #00ffff teal #008080
black #000000 silver #c0c0c0 gray #808080

(Frå www.w3.org)

Du bruker altså fargenamnet i staden for andre notasjoner: border-color: blue

Dessutan kan fargane koplast til ulike deler av systemet. Ønskjer du at elementet skal ha same fargen som den aktive vindaugeramma i systemet ditt, skriv du color: ActiveBorder. Vil du lage knapper med same fargane som resten av knappane i systemet, kan du definere ein klasse slik:

.knapper {
border-style: outset;
border-top-color: ButtonHighlight;
border-right-color: ButtonShadow;
border-bottom-color: ButtonShadow;
border-left-color: ButtonHighlight;
border-width: 6px;
background-color : ButtonFace;
font-weight : bold;
font-family : System;
color : ButtonText;
}
Ei fullstendig liste, med forklaringar, finst mellom anna på http://www.w3.org/TR/CSS21/ui.html#system-colors

Sikre fargar

I mange lærebøker gjer ein nummer av at eit lite utval av fargane blir viste likt i alle nettlesarane, dei såkalla sikre fargane. Dette var nok meir aktuelt då dei fleste systema bare kunne vise 256 ulike fargar. I dag bruker vel dei fleste utstyr som kan vise noe over 16 millionar ulike fargar. Dermed kan ein gå ut frå at dei sikre fargane er mindre viktige nå. Men eg skal innrømme at eg, kanskje av gammal vane, skjeglar til desse framleis.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 6. juni 2010