Tilbake til startsida IKT i praksis. Stilark


Rammer

Ved hjelp av CSS kan du definere ei ramme rundt html-elementet ved hjelp av eigenskapen (property) border. Eigenskapen border-style bestemmer utsjånaden på ramma. Her kan du velje mellom nokså mange verdiar:

border-style
none Ikkje ramme
hidden Ikkje ramme, men tar opp plassen ramma skulle ha hatt
dotted Prikka
   
dashed Streka
   
solid Heiltrukke
   
double Dobbel
   
groove Not
   
ridge Fjør
   
inset Innover
   
outset Utover
   
inherit Styrt av foreldreelementet

Du kan ikkje definere andre stilar.

Verknaden er også avhengig av breidda på ramma. Denne set du med eigenskapen border-width. Du kan anten oppgi breidda i dei vanlege måleeiningane (px, em osv.) eller med dei tre standardverdiane thin, medium og thick.

Endeleg kan du bestemme fargen på ramma med border-color. Her har du dei vanlege fargevala og innskrivingsmåtane. Ramma kan også vere transparent (gjennomsiktig).

border-color og border-width verkar bare dersom border-style er sett.

Definer sidene enkeltvis

Har du behov for spesielle effektar, kan du definere dei tre eigenskapane for kvar av dei fire sidene uavhengig av kvarandre. Du skriv då inn kva side det gjeld i eigenskapsnamnet:

border-top Den øvre kanten
border-left Den venstre kanten
border-right Den høgre kanten
border-bottom Den nedre kanten

Verdiane desse eigenskapane kan ha er dei same som nemnde ovanfor.

Ønskjer du å ha den nedre ramma heiltrukke, tynn og blå skriv du altså

border-bottom-style: solid;
border-bottom-width: thin;
border-bottom-color: blue

Definer alt samstundes

Det er råd å definere alle fire sidene med ein kommando. For eksempel kan eg definere dei fire sidene ulike med

border-style: solid dotted dashed double;

Den første verdien (solid) gjeld for den øvre sida. Deretter med klokka rundt boksen så lenge det er verdiar.

I dette tilfellet blir altså toppstreken blir heiltrukke (solid), den høgre streken prikka (dotted), den nedre streken streka (dashed) og den venstre streken dobbeltstreka (double). Ein kommando med bare to verdiar vil såleis gjelde for toppen og høgresida. Ønskjer du å definere topp og botn, må du i tilfelle sette inn ein nøytral verdi (f. eks. none) for høgresida.  Inneheld kommandoen bare ein verdi, vil denne verdien bli brukt på alle sidene. Legg merke til at bare mellomrom er brukt som skiljeteikn mellom verdiane, ikkje noe komma eller andre teikn.

Det same systemet gjeld for dei andre eigenskapane.

Denne boksen er teikna med kommandoane
border-style: solid dotted double dashed;
border-width: 5px 10px 7px 12px;
border-color: blue green yellow black
 

 

Tips

Når du skal kopiere noe kan du bruke  Ctrl  +  C 

«Tastane» du ser her er definerte i stilarket som

span.tast {
border-style: outset;
border-color: blue;
border-width: 6px
background-color: #FFFFCC;
font-weight: bold;
font-family : Tahoma, Verdana, sans-serif;
}

I html-koden blir dette skrive som

<span class="tast">&nbsp;Ctrl&nbsp;</span> +
<span class="tast">&nbsp;C&nbsp;</span>

Verkar i IE, men med dårlege fargar. Kunne kanskje ha funne noen betre fargar?

Omriss

Ønskjer du at ramma skal ligge på utsida av der ramma eigentleg skulle vere, kan du bruker eigenskapen outline i staden for border. Kommandoane er dei same, men du skifter ut border med outline.

Dette er ein boks med grøn ramme og blå «outline».
(I IE bare ramma).

Du kan mellom anna bruke dette for å lage ei opning mellom den synlege ramma og innhaldet i boksen. Legg merke til at omrisset går utanfor venstremargen og at avstanden til teksten over og under er nokså liten. Dette fordi «outline» legg seg på utsida av den definerte boksen.


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 6. juni 2010