Tilbake til startsida IKT i praksis. Stilark


Display og visibility

Desse to kommandoane styre korleis eit element skal visast på skjermen og om det i det heile skal vere synleg.

Visibility

Denne har bare 4 verdiar:

visible  Elementet er synleg (normalinnstillinga)
hidden  Elementet er usynleg, men tar opp plassen det skulle hatt,
collapse  Bare for tabellelement. Fjernar ei rad eller kolonne utan å påverke layout for tabellen. (Ikkje i IE 6)
inherit  Arver eigenskap frå foreldreelementet.

collapse gjer at tabellelementet ikkje blir synleg, men t.d. lengda av innhaldet påverkar kolonnebreidda.

 

Display

Verdi Beskriving
none Ingen boks blir laga
block Lager ein blokk-boks. Linjeskift før og etter elementet.
inline Lager inline-boks. (Normalinnstillinga). Ingen linjeskift.
inline-block Blokk-boks som oppfører seg som inline.boks.
inline-table Lager inline-boks av <table>, utan linjeskift. (Ikkje IE 6)
list-item Lager blokk-boks med inline-boks for listemerket
run-in Lager blokk-boks eller inline-boks, avhengig av innhaldet. (Ikkje IE 6)
table Elementet oppfører seg som tabell (<table>, dvs. med linjeskift før og etter). (Ikkje IE 6)
table-caption Elementet oppfører seg som tabell caption (som <caption>). (Ikkje IE 6)
table-cell Elementet oppfører seg som tabellcelle. (Ikkje IE 6)
table-column Elementet oppfører seg som tabellkolonne. (Ikkje IE 6)
table-column-group Elementet oppfører seg som tabellgruppe  (som <colgroup>). (Ikkje IE 6)
table-footer-group Elementet oppfører seg som tabell-footer-row gruppe.
table-header-group Elementet oppfører seg som tabell-header-row gruppe.
table-row Elementet oppfører seg som tabellrad. (Ikkje IE 6)
table-row-group Elementet oppfører seg som tabellrad gruppe. (Ikkje IE 6)
inherit Arver eigenskapane frå foreldreelementet. (Ikkje IE 6)

Den vanlegaste bruken av desse to eigenskapane er å gjere eit element synleg eller ikkje synleg.
visibility: hidden
gjer at elementet blir usynleg, men plassen det skulle hatt er likevel opptatt. Layouten blir altså ikkje forandra.
display: none
gjer også elementet usynleg, men lager ikkje noe plass der elementet skulle ha vore.

 

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 6. juni 2010