2013
|
Hagelaget er møteplassen for alle som er opptatt av levande
planter, natur, kultur og eit triveleg miljø.
På
møta i hagelaget kan du
- snakke fag med
fagfolk.
- få tips til
utforming av parkanlegget ditt.
- få råd om planteval
for verandakasser.
- teste ut
krydderkakene dine på eit frittalande og sakkunnig
testpanel.
- få råd om stell av
alt levande --- også planter.
- diskutere
særinteressene dine med like sære folk.
- møte trivelege folk
i triveleg miljø.
- melde deg inn i
hagelaget.
- få tips til
foredling av hageprodukta dine.
- dele idéane dine med
andre.
(Fyll ut vidare etter
behov. I hagelaget er det få grenser.)
|

Hagelaget ei kveldsøkt på Dyrskuet 1998.
Kunde- og blomsterbehandlarane Signe og Else Mary i
aktivitet
|

Stand på Dyrskue 2004
Trudy i aktivitet.
(Standen er faktisk innandørs!)
|
|
- Minner hagen din
om eit dårleg sauebeite fordi du er usikker på
kva som er ringblomst og kva som er tunrapp?
Fortvil ikkje. Det finst alltid ein i hagelaget
som kan hjelpe deg.
- Er du ekspert på
roser, finn du alltid noen som gjerne høyrer om
dei vellukka okuleringane dine.
- Er du ny i
kommunen, er hagelaget ein god stad for å få
kontakt med dei hyggelege innbyggarane i Lyngdal.
- Er du kunstnar,
eller har andre kreative evner, har du eit
interessert publikum i hagelaget.
- Har du andre
interesser, prøv noen møter i hagelaget. Kanskje
finn du likesinna.
- Du treng ikkje ha
hage for å vere medlem i hagelaget.
- Har du hage, kan
du få mange gode tips i hagelaget.
- Vil du bytte frø
eller planter, prøv ... (klikk
her).
- ............................................................
Bur du utanfor Lyngdal
er du velkomen som medlem her, men du bør kanskje
vurdere å melde deg inn i det lokale hagelaget ditt.
Sjå Hageselskapet
sine heimesider
|
Alle møta i hagelaget er opne for alle.
Dersom ikkje anna er anonsert, kostar det til vanleg 50 kr for medlemmer
og 100 kr for ikkje-medlemmer i inngangspengar. Ofte enkel servering og ei gratisutlodding.
Vil du gjerne bli
medlem, ta kontakt med leiaren i Hagelaget eller andre medlemmer.
Du kan også melde deg inn gjennom Hageselskapet
Medlemskap i Hageselskapet (inklusive medlemskap i lokallaget) kostar per år
Medlemskap med Hagetidend: kr 530,-
Utan Hagetidend: kr 350,-
Husstandsmedlem: kr 100,- .
Er du abonnent på
Norsk hagetidend er du automatisk medlem i eit lokallag. Du vel sjølv kva for eit.
|