![]() | GIMP | ![]() |
|
|
Vi har alle sett reklameplakatane der modellane er nokså nær perfekte i høve til slik reklamebyråa meiner vi skal sjå ut. Sjølvsagt veit du at desse bilda er manipulerte. Ingen modell ser slik ut som på bildet. Skal du lage ein reklameplakat, er det ferdige resultatet det viktigaste. Om modellen er naturleg betyr mindre. Er bildet av eit familiemedlem, må du tenke litt annleis. Det ingen god ide å bruke konfirmasjonsbildet av bestemor som mønster når bildet er tatt på sekstiårsdagen. Slikt har lett for å bli parodi. Som så ofte elles i bildebehandling, er kunsten å manipulere bildet slik at folk flest ikkje legg merke til forandringane, men at modellen spontant uttrykker at «dette var eit godt bilde av meg». For ikkje å falle i unåde hos slekt og kjenningar, har eg brukt eit anonymt bilde frå http://media.photobucket.com/ som utgangspunkt. Dette bildet er 300 pikslar breitt og 400 pikslar høgt. Høveleg til skjermvising, men vil gi 25 x 34 mm i normal utskrift som foto. SlankingaSom du ser øvst på sida, er utgangspunktet ikkje så gale. Normalt ville det ikkje vere noen grunn til å «forbetra» utsjånaden. Vi skal likevel pynte nokså mykje på originalen bare for å vise korleis det kan gjerast.
SkaleringEin av dei enklaste metodane for å gjere folk slankare,
er å gjere bildet smalare ved å skalere bildet bare i
breidda. I dialogvindauget for skalering ( Bilete
uavhengig av høgda. I noen tilfelle kan skaleringa faktisk vere ei brukbar løysing dersom det bare er snakk om svært små justeringar. Som oftast vil likevel forskyvinga av proporsjonane skjemme bildet. Ein annan og som oftast betre måte, er å bruke filteret Interaktiv deformasjon, også kjent som «IWarp». Filteret krev nok ein del tålmod og kanskje litt kunstnarleg sans i tillegg til evna til å arbeide nøyaktig. Altså ikkje så ulikt mange andre verktøy.
Interaktiv deformasjon (IWarp)
|
![]() Skalert til mindre breidde |
Dette finn du under Filter
Av og til kan det vere enklast å klippe ut figuren som skal bearbeidast for ikkje å forvrenge også bakgrunnen. I dette tilfellet gjer det ikkje så mykje om sjøen blir litt forandra, så eg bruker bildet slik det er. Når du opnar filteret, får du fram dette dialogvindauget: |
Du arbeider direkte på førehandsvisinga og trykker knappen «OK» når du er ferdig. Er du ikkje nøgd med resultatet, trykker du knappen «Tilbakestill» og kan starte på ny frisk. Glidebrytaren «Deformasjonsradius» bestemmer kor stort område rundt markøren som skal påverkast. Kan samanliknast med breidda på penselen. Deformasjonsgraden er kor mykje penselen skal dra med seg når du flytter på han. Kan minne litt om dekkevne for teikneverktøya. Som oftast har du best kontroll ved å bruke små verdiar og heller stryke fleire gonger med musepeikaren. I eksemplet brukte eg stort sett verdiane du ser på bildet ovanfor. Det enklaste er å gjere dama smalare, så vi byrjar med det. Sett modus til «Flytt», plasser markøren over den venstre sida av dama og dra mot høgre. Du vil då sjå at deler av bildet følgjer med. Gjenta prosessen til utsjånaden er slik du ønskjer, og trykk «OK». Opna filteret igjen og gjer det same på høgre sida av dama. Trykk «OK» når du er ferdig. Ikkje bry deg om resten av figuren førebels. Ikkje ver redd for å eksperimentere. Er arbeidet mislukka, trykker du bare på «Tilbakestill» og startar på nytt, eller du trykker «OK» og angrar på bildet i staden. (Du har vel alt lært deg tastekombinasjonen Ctrl + Z for å angre på bildet).
Vi arbeider oss oppover. Brysta treng ei oppløfting. Bruk filteret igjen på same måten. Sett markøren i underkant av BH-en og flytt oppover. Kan hende må du setje deformasjonsradius noe mindre for ikkje å flytte også armen. Har du lyst, kan du også prøve verknaden av å setje filtermodus til «Gjer større» eller «Krymp». Nå er arbeidet med sjølve skabelonen ferdig. Likevel er resultatet ikkje heilt naturleg. I og med at figuren er forandra, må skyggane finjusterast. Det meste kan gjerast med verktøya «Gni ut» og «Kloning». I tillegg brukte eg «Avskygging/etterbelysing» der det bare var snakk om små tonenyansar. Skyggen på halsen etter haka kan gjerast litt mindre for å illudere ei mindre hake. Her brukte eg kloning og deretter utgniding. Sidan eg først var i nærleiken, finjusterte eg litt på skyggane i ansiktet med utgnidingsverktøyet. Du må rett og slett førestille deg korleis skyggane ville blitt med eit litt slankare ansikt. Deretter gjorde eg det same med resten av kroppen. Til slutt gjekk eg over med utglattingsverktøyet og fjerna noen strekkmerke på magen og andre småfeil. Dermed er bildet ferdig. Kanskje litt overdrive her og der dersom retusjeringa var for å forbetra kjærasten, men vonleg slik at du ser kva som er mogleg. Du kan i alle fall leike plastisk kirurg utan fare for omgivnadane. Happy GIMPing Kolbjørn |
|
Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat | |
|
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Sist endra 16. januar 2012 |