GIMP |
|
Å fikse gamle bildeDet gamle bildet er tydeleg prega av å ha vore studert mange gonger. Litt flekkete, noen riper, nokså falma og elles ikkje heilt som då det kom frå fotografen. Er det råd å gjere noe med det? Sjølvsagt er svaret ja. |
|
||
|
|
SkanningFørste steget er å skanne inn bildet. Sidan originalen er nokså liten, ca. 4,5 cm x 6,5 cm, brukte eg 900 ppi som oppløysing på skannaren. I teorien skulle eg då kunne forstørre bildet 3 gonger i begge retningane med utskriftoppløysing 300 ppi, som er nokså normalt for finare trykk. Eg valde å skanne i fargar i tilfelle desse kunne vere til hjelp når eg seinare skulle finne ut av korleis personen eigentleg såg ut. Sjølvsagt lagra eg bildet i xcf-format for vidare bearbeiding i GIMP. Har du ikkje brukbar skannar, går det som oftast svært bra å fotografere bildet med digitalkamera. Kva metode du bruker for å digitalisere bildet, må bli opp til deg og utstyret du har tigjengeleg. ForordDet finst ikkje ein bestemt måte som er best for å retusjere gamle foto. Metoden vil variera etter kva du er van med, etter kva skader som skal reparerast og ein heil del andre ting. Dette bildet er av den vanskelege, men likevel nokså alminnelege sorten. Greier du dette, greier du det meste innan denne kunsten, også enklare bilde.
Å finne grenserSom så ofte i GIMP, er det enklaste å dele bildet opp i fleire bildelag. Problemet denne gonger var at fargane i bildet var så falma at det var vanskeleg å finne grensene mellom forgrunn og bakgrunn. Dei vanlege fargefiltra fekk problem her, eller kanskje det var eg som ikkje såg godt nok. Heldigvis hadde eg skanna i RGB. Nedst i fargemenyen er det eit filter med namnet «Retinex». Dette filteret blir brukt for å forsterke fargar. Akkurat det eg hadde behov for. Laga ein kopi av arbeidskopien og kalla han «Retinexfiltrert». Gjorde dette laget til det synlege og aktive og kalla opp filteret. Litt prøving og feiling før eg fann dei rette innstillingane, som vist på figuren til høgre. Kunne nesten tru filteret hadde funne fram til originalfargane i svart/kvit-bildet. Dette bildelaget skal likevel bare brukast til å finne omrisset på portrettet for å lage eit høveleg utval. Lag utvalaRetinexkopien blei altså brukt for å lage eit utval av personen. Først ei lita påminning om ulike utvalsmodus. Utvalsmodus
For alle utvalsverktøya bestemmer modus kva som skal skje med det utvalet du er i ferd med å lage. Du finn modusvalet like under verktøykassa når utvalsverktøyet er aktivert. Modus
UtvaletI dette tilfellet er det enklast å lage eit utval av bakgrunnen og sidan reversere utvalet slik at det er personen som er markert. Verktøyet tryllestaven er som skapt for slike jobbar. Vel tryllestaven i verktøykassa og klikk på modus «Legg til i dette utvalet» og klikk på bakgrunnen nokså nær personen.
Klikk med tryllestaven og lag eit ope område rundt omrisset av portrettet. Ikkje bry deg om resten av bildet. Heller ikkje treng du bry deg så mykje om markeringa skulle kome inn på portrettet noen stader. Skulle du kome i skade for å markere feil, kan du bare angre klikket med angrefunksjonen Ctrl + Z . Noen gonger er fargeskilnaden så liten at det er uråd å bruke tryllestaven. Då kan du skifte til lassoen med mudus sett til «Legg til i dette utvalet» og bruke denne for å finjustere utvalet. Lassoen kan brukast til å teikne opp utvalet på frihand omlag som når du bruker blyanten. Teikninga blir ikkje gjort om til eit utval før du kjem tilbake til startpunktet eller trykker Return . Du kan også markere punkt på linja med lassoen ved å klikke på høveleg stad. Har du markert område som eigentleg ikkje skulle vere utvalde, er det bare å setje modus til «Trekk frå» og markere det aktuelle området. Du bruker også lassoen for å markere bakgrunnen. Legg merke til at når du held museknappen nede utan å klikka, kan du teikne også utanfor bildekanten og gå inn i bildet ein annan stad. Dette er ein grei måte å bruke når markeringane skal gjerast nær bildekanten. På bildet over ser du at mellom anna er også skjorta er blitt markert. Denne fjernar eg ved å setje modus for lassoen til «Trekk frå» og teiknar rundt det som skal bort. Når utvalet er ferdig, høgreklikkar du på bildet og vel inverter frå menyen som kjem fram. Dette for at utvalet skal gjelde personen og ikkje bakgrunnen. Mykje av resultatet er avhengig av at du lagar eit godt utval, så bruk ein del tid på dette. Føremålet med å lage utvalet var å kunne opprette eit bildelag med bare personen, utan bakgrunnen. Lukk visinga av laget «Retinexfiltrert» og gjer laget «Arbeidskopi» synleg og aktivt. Kopier (enklast med Ctrl + C) og lim inn som nytt lag. (Enklast med Rediger Lim inn som nytt lag ). Kall det nye laget «Portrettet». I dette laget er bare personen med. Bakgrunnen er gjennomsiktig. Nå kan du fjerne utvalet ved å velje Utval Vel ingen i bildemenyen. Truleg kjem det nye laget skeivt i høve til laget under. Dette må tilpassast nøyaktig slik at laga kjem over kvarandre piksel for piksel. Vel flytteverktøyet og dra laget ned til det ser passande ut. For å få det heilt nøyaktig, kan du slå visinga av laget av og på og flytte det ved hjelp av piltastane. Pass på at også «Arbeidskopi» er synleg. |
|
RetusjeringaFor å forenkle arbeidet legg eg inn to nye lag under portrettet, eit svart og eit kvitt. Eg kan då veksle mellom å ha desse laga som bakgrunn og finjustere omrisset med viskeleret. Dersom du forstørrar bildet, vil du sjå at kantane i omrisset er litt taggete. Dette fordi eg ikkje brukte mjuk kant då eg laga utvalet. I dette bildet er taggane bare synlege når bakgrunnen er svart. Det er difor ikkje nødvendig å glatte ut kantane sidan dei toner ut kvitt i kvitt, men skulle du ha behov for det, kan du gå over med verktøyet «Slør eller skjerp» sett til slør med dekkevne ca. 50. Men så er det endeleg klart for sjølve retusjeringa. I første omgang retusjerer eg stort sett på ansiktet.
|
|
|||||||||||
UtglattingDu vil oppdaga at kloninga av og til gir litt for skarpe eller ruglete overgangar. Flytter du penselen for fort, kan det også oppstå merke etter penselen. Dette ordnar vi med utgnidingsverktøyet. Dette verktøyet finn du nedst i verktøykassa. Som oftast vil det ver lurt å avgrense verknaden ved å setje dekkevna til rundt 50, men dette er også avhengig av kva du skal gni ut. Ein litt for stor pensel vil til vanleg vere betre enn ein som er for liten. Men igjen: det luraste er å prøve seg fram. Også dette verktøyet har angrefunksjon, så det er ingen fare ved å eksperimentera ein del. Arbeidet kan kanskje i første omgang verke nokså vanskeleg, men dei fleste får gode resultat etter litt øving. Problemet kan vere å unngå striper i bildet etter utglattinga. Difor stor pensel med liten dekkevne. Dette gjer stripene mindre synlege. Når utglattinga er slik du ønskjer det, er tida komen til å fikse på dressen.
|
|
At maska er aktivert blir vist med ei kvit ramme rundt, men kven kan sjå ei kvit ramme rundt eit kvitt bilde? Pass på at forgrunnsfargen i verktøykassa er sett til svart eller mørk grå og vel deretter verktøyet «Bland». Sett musepeikaren nedst på bildet og dra han oppover til øvre kant av utvalet medan du held den venstre museknappen nede. Slepp knappen. Kanskje ser du ikkje noen forandringar i bildet, men lagmaska i lagdialogen viser at dressen er blitt svart nedst og gradvis lysare oppover. Dette betyr at bildet er nå er blitt gjennomsiktig der lagmaska er svart og blir gradvis mindre gjennomsiktig oppover i bildet. Nå treng vi ikkje utvalet meir, så klikk det vekk ( Utval Vel ingen ). Gjer laget med bare dressen aktivt men pass på at også portrettet er synleg. Hent fram kurveverktøyet frå Fargar Kurve og flytt på kurven til dressen er høveleg mørk. Det kan godt hende du får ei meir oppp-og-ned-kurve enn den eg brukte. Dette er sterkt avhengig av bildet og kva ønskje brukaren har. Nå står det bare igjen å gjere bildet om til svart/kvit. Her gav den enklaste metoden best resultat, nemleg å gå inn på Bilete Modus Gråtone . Den siste prosessen er å lagra ein kopi av bildet som jpg eller png eller eit anna format som brukaren kan lese. Vil du ha gjennomsiktig bakgrunn på øvste delen av bildet, vel du å ha bare laga «Portrettet» og «Dressen» synlege når du lagrar i png (jpg har ikkje gjennomsikt). Vil du ha kvit bakgrunn, gjer du også laget «Kvit» synleg. Bildet er ferdig. Til underretningKanskje ei lita påminning til slutt. Det er ikkje alltid like enkelt å vite kva som er feil på originalbildet og kva som er «feil» på modellen. Hugs at all retusjering forandrar bildet. Føremålet med denne type retusjering er å mest mogleg føre bildet tilbake til slik det var då det kom frå fotografen, ikkje å forbetra utsjånaden på modellen eller andre ting i bildet. Som oftast vil ein der det er tvil, heller la vere å fikse feilen. Men også her kan det vere unnatak. Eg var i tvil om ei svak markert rute på jakkeslaget var ein feil eller eit jakkemerke. Eg valde å fjerne det. Kanskje var dette eventuelle jakkemerket viktig for personen, men det veit ein ikkje dersom det ikkje er noen nålevande som hugsar akkurat dette, eller at ein er så heldig å ha andre bilde å samanlikne med. Happy GIMPing |
|
Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat | |
|
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Sist endra 9. april 2013 |