| | GIMP | ![]() |
|
Å fjerne uønska elementRetusjering vil seie å fjerne eller legge til bildeelement for å forbetra bildet. Sjølvsagt kan denne teknikken også brukast til forfalsking av bildet, sjølv om dette normalt ikkje er meininga med dette arbeidet.
Originalbildet er nokså brukbart, men den kvisten som strevar seg oppover og ut av bildet heilt øvst, verkar noe forstyrrande. Kva med å fjerna denne? Det enklaste ser ut til å rett og slett teikne over den skjemmande greina. Bakgrunnen er nokså einsfarga, så her vel eg å teikne over med ein blå blyant. Klikk på blyanten i verktøyskrinet. Sjå etter at avtrykket er så stort som mogleg. Skulle du vere i tvil, klikk på det runde penselsymbolet nede i innstillingsdialogen og vel omriss frå penseldialogen som dukkar opp. Hald nede Ctrl -tasten medan du klikkar med blyanten ein eller annan staden på den blå himmelen. Du vil då sjå at forgrunnsfargen nede i venstre hjørne av verktøyskrinet endrar seg frå svart til blå. (Du kunne også ha brukt fargepipetta for denne jobben).
Gled deg over det ferdige resultatet |
|
Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat | |
|
|
| © Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Sist endra 11. april 2013 |