|
Plakatar kan vere så mangt. Denne plakaten er meint som
ei påminning til folk som kjenner til arrangementet frå før, men
sjølvsagt også med eit håp om å gjer nye kundar nysgjerrige. Det
viktigaste i denne seksjonen er likevel ikkje å diskutera layout av
plakatar, men korleis GIMP kan vere til nytte når du endeleg har
bestemt deg for utforminga av og innhaldet i plakaten. Altså den delen
av arbeidet som kjem etter at du har planlagt utforminga. (Det er vel
unødvendig å minne om at papir og blyant faktisk er ganske nyttige
reiskap under planlegginga).
Før du kastar bort tida på denne sekvensen, er det vel
best å seia i frå om at denne leksjonen ikkje er meint å følgjast
punkt for punkt. Du bør ha litt kjennskap til GIMP frå før. Håper du
kan finne noen nyttige tips likevel. Endå ei påminning: Dei små bilda
her på sida gir ikkje eit heilt sant bilde av den ferdige plakaten.
Også reduksjon i bildestorleiken fører til dårlegare kvalitet.
|
Tips
Dersom du ikkje alt har gjort det, kan det vere lurt
å lære seg desse tidssparande snartastane:
Ctrl
+ Z
for Angre,
Ctrl
+ X
for Klipp ut,
Ctrl
+ C
for Kopier og
Ctrl
+ V
for Lim inn.
|
|
|
Det første konkrete steget i prosessen var å ta ein
heil del bilde ein av jammekveldane. For ein plakat tenkt trykt i
A4-format, kan du klare deg med eit kamera med ei oppløysing på
minimum 4-5 megapikslar med innstillingane sett til beste kvalitet. I
tillegg bør du ha ein god blits. I eit restaurantlokale er det ikkje
alltid like lett å bestemma bakgrunn og bildevinklar, særleg på slike
tilstellingar som dette, der alt er improvisert. Du må rekne med noen
få brukbare bilde og mange nokså rotete komposisjonar. Ta vare på
alt. Ofte finn du brukbare utsnitt i eit elles dårleg bilde.
Reint fotografisk, ville nok desse bilda normalt hamna i
kategorien for vrak. Men dei inneheld element som kunne vise stemninga
denne kvelden, og som kunne komponerast saman til ein plakat.
Oppløysing og litt til
For utskrift på papir må bildeoppløysinga vere ein
stad frå 200 ppi til 400 ppi alt etter trykkmetode. For vanleg
laserutskrift kan du nøye deg med 200 ppi eller faktisk noe mindre. I
dette tilfellet rekna eg 300 ppi som brukbart. Er du i tvil, så ta ein
samtale med trykkeriet. (Du bestemmer oppløysinga ved å gå inn i
bildemenyen på Bilete
Utskriftformat). Sjølve bildet blir ikkje
forandra om du endrar oppløysinga, bare kor stort bildet blir i
utskrift.
Bare for å ha sagt det: alle illustrasjonane på denne
sida er sterkt forminska i høve til originalen. Alle bilda er i
formatet .xcf så lenge det er behov for å arbeida med dei. Dette
formatet kan ikkje lesast av andre enn GIMP. Bilda brukte på denne sida
er omforma til .jpg eller .png alt etter behov.
Store bilde tar opp mykje minneplass (RAM). Merkar du at
maskinen din arbeider tregt, kan det vere lurt å ha så få bilde som
mogleg opne samstundes.
Den intelligente saksa
Intelligensen til saksa kan nok diskuterast, men ho er nokså
grei å bruke for å klippe ut former frå bildet. Zoom bildet
til minst 100% og klikk deg rundt ytterkantane av den figuren du
vil ha ut. Skulle det visa seg at streken som GIMP lagar ikkje
følgjer konturane nøyaktig slik du vil ha det, kan du flytte
streken ved hjelp av musepeikaren. Når du har kome rundt heile
figuren, og resultatet er tilfredsstillande, klikkar du inne i
figuren for å lage strekane etter saksa om til eit utval.
(Dersom figuren du vil klippe ut skil seg nokså markert frå
bakgrunnen, vil som oftast verktøyet Forgrunnsutval vere
eit betre val enn saksa. Sjå i Hjelp for GIMP om bruken av
det).
|
|
 |
Prikkane
viser klippekanten |
|
Du kan nå kopiera utvalet med kommandoen Kopier
frå menyen (eller enklare Ctrl
+ C ) og deretter Lim
inn som nytt bilete frå menyen Rediger
(eller Shift + Ctrl
+ V ). Lagra utklippet i
xcf-format. Dette gjorde eg med dei to gitaristane i det første
bildet og vokalisten i det andre. Bildet til høgre viser eitt
av utklippa. Rutemønsteret er GIMP sin måte å vise at
området er gjennomsiktig. Strengt tatt er det ikkje nødvendig
å lagra utklippa som eigne bilde, men det er greitt å ha ein
original å gå tilbake til dersom noe skulle gå gale.
|
|

Eitt av utklippa
|
Plakaten
Endeleg er vi klare for sjølve plakaten. Gå inn på
hovudmenyen og vel Nytt bilete.

Dersom du finn ein mal som passar, vel du denne. Elles må du
skrive inn data for breidde og høgde. Dessutan må du gå inn
på Avanserte innstillingar og velje høveleg
oppløysing, t.d. 300 som er vald her på bildet. Når du først
er der, kan du også velje Fyll med bakgrunnsfarge. Klikk
OK når du er
ferdig. Opna det første utklippet og kopier det over på
plakaten anten ved å bruke kommandoane frå bildemenyane, eller
enklare med Ctrl + C
for kopier og Ctrl + V
for lim inn. Medan plakaten er aktiv, går du inn i Lagdialogen
og høgreklikkar på det flytande laget og vel Nytt
lag frå dialogvindauget som dukkar opp. Nå kan du velje
flytteverktøyet frå verktøyskrinet og flytta bildet rundt
sånn omtrent der du vil ha det. Den prikka firkanten viser
grensene for laget. Den andre prikkelinja viser yttergrensa for
utvalet. Eg ga dette laget namnet «gitarist-1». Legg inn dei
to andre utklippa på same måten, eitt lag for kvart utklipp.
Desse laga fekk namna «gitarist-2» og «solist». Sjølvsagt
står du fritt i å velje namn, men det er praktisk å bruke
forklarande og eintydige namn på laga. (Eigentleg brukte eg
namna på personane, men har forandra dette i denne leksjonen).
Nå skulle bildet med tilhøyrande lagdialog sjå slik ut:
 |
|
 |
Sidan laget «solist» skal vere bakanfor dei to andre
laga, er dette flytt heilt ned til bakgrunnslaget. Dette gjer du
i lagdialogen ved å ta tak i laget med musepeikaren og dra
laget nedover medan du held venstre museknappen inne.
|
|

|
Teksting
Det er tid for å sette inn teksten. Klikk på
tekstverktøyet i verktøyskrinet. (Symbolisert med ein A). Finn
deretter fram til ein høveleg skrifttype i innstillingane for
tekstverktøyet. Her har eg brukt «Script MT bold».
Deretter vel du ein høveleg skriftstorleik. Endeleg ser du
etter at forgrunnsfargen er kvit. Skulle du bomma på desse
innstillingane, kan du rette opp vala dine seinare. Klikk ein
stad på bildet og skriv inn teksten i tekstvindauget som dukkar
opp. Blei skriftstorleiken for liten? Marker teksten i
tekstvindauget og skriv inn ein ny storleik. Her er det bare å
prøve seg fram. Som oftast treff ikkje teksten der du vil ha
han. Vel flytteverktøyet og flytt musepeikaren over tekstlaget
på bildet til peikaren skifter til flytteikonet. Då kan du
halde nede venstre museknappen og dra teksten dit du ønskjer.
Legg merke til at du må treffe sjølve teksten for å flytte
han. Treff du utanfor, flytter du laget under i staden.
I dette tilfellet ønskjer eg å bruke ein farge frå gitaren
til gitarist-1 som tekstfarge. Gjer laget gitarist-1 aktivt og
vel fargeplukkaren frå verktøykassa. Klikk på fargen du
ønskjer å bruke. Gjer deretter tekstlaget aktivt og klikk inne
i ruta som markerer forgrunnsfargen i verktøyskrinet. Hald nede
venstre museknappen medan du drar fargen over til tekstlaget.
Når du slepp opp museknappen, vil skrifta få ønskt farge.
(Hadde du vald den ønskte fargen som forgrunnsfarge før du
aktiverte tekstverktøyet, ville skrifta ha fått ønskt farge
automatisk).
Nå er resultatet blitt slik:

Førebels resultat
|
|

Tekstverktøyet

Innstilling av tekst

Tekstbehandlaren
|
Ikkje verst, men bør nok finpussast litt. Kva med å gjere
personane litt mindre? Vi prøver. Eg gjekk inn på kvart av
laga gitarist-1, gitarist-2 og solist, og reduserte dei til 80%.
(Biletmenyen: Lag
Skaler laget). Deretter flytta eg
litt rundt på dei ulike bildeelementa til resultatet blei
tilfredsstillande.
Overskrifta verkar noe flat. Her kan heldigvis GIMP hjelpe
oss. Eg opna eit nytt bilde med gjennomsiktig bakgrunn og ca.
100 pikslar breiare og høgare enn tekstlaget for overskrifta.
Kopierte deretter overskrifta over i det nye bildet. Utvid laget
til heile bildet (Lag
Laget til biletformatet). Gå
deretter inn på Filter
Alfa til logo eller andre filter,
og leik deg med dei ulike måtane å omforma bildet på. Bruk
lagdialogen og prøv deg fram med å gjere dei ulike laga
synlege eller usynlege. Skal du kopiere resultatet over til
plakaten, er det lurt at alt anna enn teksten er gjennomsiktig.
Du kan gjerne prøve dei ulike skripta med
originalinnstillingane før du eventuelt går over til meir
sofistikerte metodar. Har du behov for fleire variasjonar, prøv
med ulike blandemodus for dei ulike laga. Alt er lov. Hugs at
det er lett å angre i GIMP. Det einaste du eigentleg må passa
på er tida. Etter ei kort kveldsøkt vil du kanskje bli
overraska over at det lysnar av dag.

|
|
|

Forminska personane 80% |
|
Lyseffekten fekk eg til ved å opna eit nytt lag nokså
langt nede i lagstabelen for å få det bak dei fleste bildelaga. (Har
du oppdaga at laga er svært aktuelle i GIMP?) Deretter gjekk eg inn på
Filter
Lyseffektar
Lyseffektar og brukte tre lamper innstilt
som punktlys. Litt justering av farge og plassering, og resultatet blei
som vist.
Som du ser, er dette ikkje heilt den same plakaten som
den eg innleidde med. Dette bare for å vise at det trass alt finst
mange løysingar på oppgåva. Forresten, gløym ikkje å signera verket
ditt.
Lukke til.
|