Tilbake til startsida

GIMP


 

 



Uthev motivet

Det ferdige bildet
Det ferdige resultatet

I dette bildet har eg lagt til rette for at du skal oppfatta bildet slik eg ønskjer at du skal sjå det. Hovudpersonen er framheva slik at han er det første du legg merke til. Ved vidare gransking finn du kanskje ut at dei to andre personane også har ei oppgåve i komposisjonen. Bildet fortel ei historie ut over det å vere eit reportasjebildet frå ein konsert. Kva historia er, er det opp til deg å finne ut av, litt med mi hjelp.

Bildet dukka opp inne i eit større bildet av orkesteret. Dette måtte eg bare gjere noe med. Hadde eg vore merksam på motivet då eg tok bildet, kunne eg fokusert på hovudpersonen og brukt stor blendaropning for å gjere bakgrunnen utydeleg. Nå er altså bildet tatt, og eg må simulere den store blendaropninga digitalt. I tillegg må eg sjonglere litt med lyssettinga.

Den vanlegaste metoden er å markere hovudmotivet med utvalsverktøya og kopiere utvalet som eit nytt bildelag. Deretter kan du gjere originallaget utydeleg etter ønskje. Det er den metoden som blei brukt då eg laga plakaten. I dette eksemplet skal vi bruke ein annan metode som går ut på å ha ein skarp og ein uskarpt kopi av bildet over kvarandre og gjere det eine laget meir eller mindre gjennomsiktig.

Tips

Som alltid når du skal forandre på eit bilde, gjer du alle forandringane på ein kopi slik at du har originalen å gå tilbake til dersom du roter deg heilt bort. I tillegg kan det vere greitt å ha ein uendra original som underlag for å ha noe å samanlikne med under arbeidet. Endringane blir gjort på kopiar av dette laget. Du kan då heile tida samanlikne arbeidskopien med originalen ved å klikke visinga (augesymbolet) av og på.

 

Demp bakgrunnen

Til dette arbeidet treng vi to kopiar av originalen, den eine for bakgrunnen og den andre for forgrunnen. I dette tilfellet skal bakgrunnslaget vere øvst i stabelen.

Når du kopierer originalbildet som eit nytt bildelag, vil også kopien vere utan gjennomsikt. Dette blir vist ved at namnet er utheva. Sidan arbeidet på bildelaget «Bakgrunnen» krev at dette er gjennomsiktig, må vi legge ein alfakanal til dette laget. Sett musepeikaren på bakgrunnslaget i lagdialogen og høgreklikk. Leit nedover menyen som kjem fram til du finn «Legg til alfakanal» og klikk på denne. At laget nå har gjennomsikt blir vist ved at namnet er skrive i vanleg skrift.

Sjå etter at bakgrunnslaget er markert i lagdialogen og gå deretter over på bildet. Eg ønskte å gjere bakgrunnen litt mørkare, særleg i dei lyse partia, Difor brukte eg kurveverktøyet som du finn i menyen under   Fargar  Pil  Kurver  og køyrde den øvre enden av kurva eit stykke nedover slik som vist på bildet:

Dialogvindauget for kurveverktøyet

I tillegg brukte eg verktøyet avskygg/etterbelys sett til etterbelys og med stor, diffus pensel på dei lysaste delane for å dempe dei litt.

Det neste steget er å gjere bakgrunnen passeleg diffus. Til dette brukte eg filteret   Filter  Pil  Sløring   Pil  Gaussisk sløring  og etter litt prøving og feiling endte eg opp med verdien 5.

På med lagmaska

Trikset er å gjere dei delane av bildet som skal vere skarpe gjennomsiktige slik at det skarpe originalbildet blir synleg gjennom den uklåre bakgrunnen. Til denne funksjonen bruker vi lagmaske på bakgrunnslaget, altså det laget som er øvst i stabelen vår.

Høgrekklikk på bakgrunnslaget i lagdialogen og leit deg nedover til du finn «Legg til lagmaske» og klikk på denne for å få opp dialogvindauget for lagmaska:

Dialogvindauget for lagmaska

Pass på at det er kryssa av for «Kvit (heilt ugjennomsiktig)» og trykk deretter på knappen «Legg til». Sidan lagmaska er ugjennomsiktig, vil du ikkje sjå noen forandringar på bildet. Det einaste synlege beviset på at lagmaska er lagt til, finn du i lagdialogen der det nå har dukka opp ei kvit rute etter bakgrunnslaget. Denne ruta viser den kvite og difor ugjennomsiktige lagmaska. Klikk på denne ruta for å vere sikker på at lagmaska er aktiv. (At ho er aktiv blir vist med ei kvit ramme rundt, men denne er ikkje synleg sidan maska også er kvit).

Vel eit teikneverktøy og den største penselen. I tillegg gjorde eg penselen større med glidebrytaren «Breidde». For å lage overgangane minst mogleg synlege, sette eg dekkevna til 50. Dette gjer at kvart klikk med teikneverktøyet blir mindre markert. Pass på at du har svart forgrunnsfarge i verktøykassa og at lagmaska framleis er aktiv.

Nå kan du byrje å teikne på bildet. I staden for synleg, svart farge, blir områda du teiknar på tydelegare. Eit lite under har skjedd, kan det sjå ut som. Fortsett å teikne på alle områda som du ønskjer klårare. Skulle du vere uheldig å teikne utanom det ønskte området, er det bare å teikne over med kvit farge eller å bruke angrefunksonane. Bruker du ein pensel med diffuse kantar, treng du heller ikkje vere så nøye med om du treff nøyaktig. Overgangen blir nokså usynleg likevel.

Teikning på lagmaska
For kvart klikk blir området under penselen lysare og skarpare

Forklaringa på fenomenet er at ei kvit lagmaske gjer bildet ugjennomsiktig, medan svarte område på lagmaska gjer at bildet blir gjennomsiktig i desse områda. Du kan få ein viss indikasjon av utsjånaden til lagmaska  i lagdiaogen, men denne er nokså liten sjølv om du sett visinga til maksimum. (Du får fram menyen for å endre storleiken på visinga ved å klikke på fanemerket i lagmenyen. (Sjå bildet til høgre).

Vil du gjere deler av bildet delvis gjennomsiktig, kan du teikne med ei sjattering av grått. Dess mørkare grå dess meir gjennomsikt. Alle teikneverktøya kan brukast. Du kan gni ut streken eller bruke diffuse kantar.  

Ikkje ver redd for å eksperimentere. Gjer du feil, kan du bruke angrefunksjonane slik du er van med, eller bare teikne over med kvitt. (Du har vel alt lært deg tastekombinasjonen   Ctrl   +   Z   for å angre det du har gjort på bildet). Bommar du heilt, er det bare å fylle lagmaska med kvitt og starte på nytt igjen.

Bildet er frå ein konsert med Lindesnes trekkspillklubb på Lyngdal dyrskue 2009. Den framheva personen er Artur Stulien, ein kjend musikar i dei indre bygdene i Vest-Agder.

Happy GIMPing

Kolbjørn  

Å bruke lagmaske for å
framheve deler av bildet.

vanskegrad 3

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Originalbildet
Originalbildet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lagdialogen med original, kopi av original og bakgrunnen
Lagdialogen

 

 

 

 


Formørka og utydeleggjort bakgrunn
Bakgrunnen formørka og sløra

 

 

Lagmaska i lokalmenyen
Lagmaska i lokalmenyen

 

 

Lagmaska i lagdialogen
Lagmaska i lagdialogen

 

Teikneverktøyet med pensebreidde
Vel teikneverktøy

Resultatet vist på lagmaska
Den ferdige lagmaska

 

Dialogen for å endre førehandsvisinga
Trykk på fanemerket for å endre storleiken på visinga i lagdialogen


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl Sist endra 11. april 2013