Tilbake til startsida

GIMP


 

 



Skifte språk i GIMP

Dersom du bruker GIMP versjon 2.6 eller høgare, vil GIMP normalt ta i bruk det språket maskinen er sett til å bruke. Skulle du ha ønskje om å bruke GIMP på eit anna språk, er dette lett å få til.

GIMP 2.8

skifte språk

Frå og med versjon 2.8 kan du skifte språk direkte frå menyen. Gå til  Rediger  lita høgrepil  Brukarinnstillingar  og vel Grensesnitt. Heilt øvst i menyvindauget som kjem fram, kan du velje språk ved hjelp av nedtrekksmenyen der (ringa inn med raudt på bildet over). Du må lukke og opne GIMP på nytt før du ser verknaden av språkbyttet.

 

GIMP eldre enn 2.8

I desse versjonane er det litt vanskelegare å skifte språk. Men det er som oftast fullt mogleg på ein eller annan måte.

I Linux:

Gå til konsollmodus og skriv inn LANGUAGE=xx GIMP eller LANG=xx GIMP.
«xx» er språkkoden for det språket du ønskjer å legge inn, t.d. «nn» for nynorsk, «nb» for bokmål, «fr» for fransk osv. (Eg har ikkje prøvd dette i praksis, bare fått det opplyst frå andre).

I Windows:

  • Du kan skifte språk for maskinen frå kontrollpanelet.
  • Dersom dette ikkje hjelper, kan du lage ei satsfil (batch-fil) og opne denne frå skrivebordet. Dette gjer du slik:
    • Opna ein rein tekstbehandlar, t.d. Notisblokk, Notepad++ eller liknande. (Word o.l. er ikkje brukbare her).
      Skriv inn
          @echo off
          SET LANG=xx
          START gimp-2.6.exe
    • Bytt ut «xx» med språkkoden for det språket du ønskjer å legge inn, t.d. «nn» for nynorsk, «nb» for bokmål osv.
    • Lagre fila i GIMP-2.0pil bin der du frå før finn «gimp-2.6.exe». Sjølvsagt kan du kalle fila kva som helst, men filutvidinga vere «.BAT». Høgreklikk på filnamnet i mappa og vel «Lag snarvei». Når dette er gjort, venstreklikkar du på snarvegen som blir laga i mappa og drar denne ut på skrivebordet.
      • Høveleg ikon finn du i gimp.exe.

GIMP er på engelsk

At brukargrensesnittet for GIMP er på engelsk sjølv om maskinen er sett opp med norsk, har eg ikkje opplevd med GIMP versjon 2.8. Det kan sjå ut til at problemet er løyst. Men skulle du oppleve problemet, prøv oppskriftene nedanfor. Dei blei opphavleg skrive for GIMP versjon 2.6.

Den automatiske språkfinninga verkar ikkje alltid i Windows. Eg veit ikkje årsaka, men det har truleg samanheng med at Windows ikkje bruker standardkoder for språk. Utanom metoden nemnd ovanfor, har eg også funne eit par andre måtar å få GIMP på norsk.

Normalt legg GIMP seg inn i standardmappa for programfiler. Kva mappe dette er vil variere med Windowsversjonen du bruker. Ved å avinstallere GIMP og installere på nytt i ei anna mappe, hender det at GIMP finn dei rette språkkodene. Dersom avinstalleringa ikkje fjerner brukarmappa Userspil [Brukarnamnet ditt]pil .gimp-2.6 må du fjerne denne manuelt før du installerer på nytt. (Ulike versjonar av Windows kan ha ulike namn på brukarmappa. Du får leite deg fram. Dei ligg stort sett på stasjon C:).

I nokre tilfelle kan det vere nok å gå inn på mappa GIMP-2.0pil sharepil locale og legge alle språkfilene unntatt dei norske («nb» og «nb») inn i ei anna mappe. Du kan også fjerne alle ubrukte språkfiler, men då har du ingenting å falle tilbake på om du seinare ønskjer eitt av språka likevel.

Ei anna løysing stod i nettsida «gimp.no» (som nå er lagt ned). Eg har ikkje prøvd det, men reknar med at det verkar. I Windows 7 finn du fram til Kontrollpanel ved å klikke på Windowskula nedst til venstre på skjermen. Klikk deg fram langs Kontrollpanel pil System pil Avanserte systeminnstillinger pil Avansert pil miljøvariabler. Der finn du fram til Brukervariabler og legg til ein ny variabel med namnet LANG og Variabelverdi nb. Vel verd eit forsøk. Windows finst ikkje på nynorsk, så variabelen nn vil truleg ikkje gjere nytta.


Dersom du studerer nynorsk- og bokmålsversjonen, vil du oppdage at fagtermane ikkje er heilt dei same. Det er arbeid på gang for å samordne dette, men slikt tar tid.Sjå meir om dette på sida om fagtermar.


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 24. november 2015