![]() | GIMP | ![]() |
|
Problemløysing i GIMPAv og til hender uforklarelege ting. GIMP oppfører seg ikkje slik ein ønskjer. På denne sida vil eg prøve å berge deg ut av ein del av dei situasjonane eg kjenner til kan skape problem. GIMP er utvikla i Linux og fungerer stort sett bra i dette operativsystemet. Dei fleste problema oppstår når GIMP blir overført til Windows. Dette er ikkje bare utviklarane si skuld. Microsoft er svært lite hjelpsame med opplysningar om detaljar i operativsystemet sitt. Dermed kan det ta tid før ein finn omvegar. ![]() Hjelp må ligge i denne mappa. Hjelpsystemet i GIMPGIMP har eit nokså godt utbygd hjelpsystem som mellom anna kan nåast ved å trykke på F1 , Shift + F1 eller frå bildemenyen. Prøver du dette, kan det hende det dukkar opp ei melding om at hjelpfilene manglar, og at du difor må trykke på valet for å få hjelp direkte frå Internett. Dette fordi hjelpfilene ikkje følgjer med automatisk når du lastar ned GIMP. Ønskjer du å sjå på hjelpfilene utan å opna GIMP, finn du dei på sida http://gimp.org/docs/. Der klikkar du på eit av dei tilgjengelege språka. Installere hjelpsideneØnskjer du å bruke hjelp utan å vere tilkopla Internett, må du laste ned hjelp på det ønskte språket frå eit stykke nede på sida http://gimp.org/downloads. Du må lagra filene ein stad der du finn dei igjen.Finn fram til der du installerte GIMP på datamaskinen, og finn fram til mappa
2.0. Dersom du her ikkje finn mappa help må du
lage ho. Stien fram til mappa kan sjå for eksempel slik ut: Henter GIMP framleis hjelp frå Internett? Er hjelpfilene lagt inn på rett plass, kan det hende du må GIMP er sett til å hente hjelp på Internett.
Opna GIMP og finn fram til menyvalet
Rediger ![]() GIMP er på engelskKjem GIMP opp på engelsk sjølv om du har sett maskinen til norsk? Sjå innslaget «Skifte språk» i menyen til venstre. Eldre versjonar, det vil seia før versjon 2.6, av GIMP har eit anna hjelpsystem. Difor kan metodane omtalt her ikkje brukast på desse. Det enklaste er då å ta i bruk siste versjon, for tida 2.8.16 BokmålEr maskinen din sett opp med eit anna språk enn nynorsk, vil du som oftast ikkje få hjelp på norsk. For å få inn hjelp på norsk på ein maskin sett opp med bokmål som hovudspråk, må du kanskje endre namnet på hjelpmappa frå «nn» til «nb». Bare for ordens skuld: hjelpteksten vil framleis vere på nynorsk. Ingen hjelpfiler finst på bokmål. GIMP har endra oppførselDet hender at GIMP plutseleg oppfører seg anleis enn tidlegare. Dette er som oftast ikkje ein feil i GIMP, men at
du har endra og lagra innstillingane. Gå då inn på menyen for brukarinnstillingane
(Rediger Du kan også finne fram til brukarfila di i operativsystemet og slette innstillingane for GIMP der. I Windows 7 finn du mappa i
C:Users Andre problem som kan oppstå når du bruker GIMP kan du kanskje finne svar på i hjelpfilene. Sjå kapittel 4: Når alt anna sviktar. |
Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat | |
|
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 24. november 2015 |