Tilbake til startsida

GIMP


 

 



Wilber ikon Litt fagprat om omsetjinga

Hjelpsidene skal vere mest mogleg universelle med omsyn til språk, operativsystem og nettlesarar. Dette er enkelt for mindre dokument, men synte seg å skape problem for GIMP der handboka er på omkring 500 sider i html-format. Dei vanlege verktøya for å skrive dokumentasjonen blei rett og slett for tungvindte. Den første tida blei alt skrive i xml-filer. Alle omsetjingane blei lagt inn i same fila. Dette førte til uhorvele lange filer som var unødvendig kompliserte for alle partar. Også omforminga til html-filer blei komplisert. Programmerarane i teamet byrja tenke på nytt og endte opp med eit system som er unikt for GIMP. Litt høg inngangsterskel framleis, men eigentleg nokså funksjonelt.

Nye sider blir skrivne på engelsk i xml-format. Desse filene blir kompilerte til pot-filer som blir brukte for å lage originale po-filer på engelsk. Desse filene blir brukte som grunnlag for omsetjingane til andre språk. Kvart språk får sitt sett med po-filer. Når omsetjinga er i godkjend, blir det automatisk laga xml-filer for det aktuelle språket. Desse filene, saman med eit felles sett med stilark og eventuelt eit lokalt stilark, blir så brukte for å lage html-filene i dette språket. For ein gongs skuld er det faktisk enklare gjort enn sagt. Metoden er ikkje så innvikla som beskrivinga kan tyde på.

Prosessen fram til dette systemet tok lang tid og mykje arbeid. Sjølv arbeider eg i Windows medan dei fleste andre i teamet bruker Linux. Bare denne skilnaden skapte ein del unødvendige problem. T.d. har Windows (i det minste før Wndows 7) ei mindre avansert filhandteringa enn Linux. Bare det å lage eit system som tok omsyn til denne skilnaden, utan å gjere filhandteringa mindre fleksibel, tok fleire månader. Windows er meir automatisert enn Linux. Ulempen er at Windows legg inn uønskte koder her og der i systemet. Korleis omgå desse? Vi fann omsider ut av det også. Altså mange småproblem som var store nok medan vi heldt på.

«no», «nb» og «nn»

Då hjelpfilene blei lagt inn første gongen for fleire år sidan, var språkkoden for norsk «no» Dette er nå forandra slik at språkkodene for norsk er «nb» (bokmål) og «nn» (nynorsk). «no» er koden for landet Noreg, ikkje språket. Frå og med GIMP versjon 2.6 er altså hjelpfilene å finne under «nn». Skulle noen ein gong i framtida omsetje hjelp til bokmål, vil denne omsetjinga bli lagt ut på «nb».

Problem med Internet Explorer

Sidan det meste innan Hjelp for GIMP er utvikla innan Linux-/Unix-miljøet følgjer utviklarane nokså nøye diverse standardar for koding av stoff som skal lesast på dataskjermen. Dette har ført med seg ein del problem for brukarane av handboka. Tidlegare utgåver av Internet Explorer (IE) følgde sine eigne spelereglar og brydde seg stort sett ikkje om reglar laga av andre. Sjølv om teamet til ein viss grad prøvde å ta omsym til dette, blei ikkje alle hjelpsidene like godt leselege i IE. Heldigvis har Microsoft etter kvart innsett fordelane med å følgje standard koding, så frå versjon 7 og utover er IE blitt nokså standardisert. Bruker du Internet Explorer bør du altså bruke versjon 7 eller nyare.

Dei aller fleste bilda i handboka er i png-format. IE før versjon 7 har ikkje full støtte for dette formatet. Dermed blei mange av illustrasjonane nokså merkelege i IE. Dersom du les denne sida i ei gammal utgåve av IE, vil bakgrunnen for Wilber (GIMP-logoen) bli vist som grå, ikkje gradvise overgangar til bakgrunnsfargen for nettsida. Einaste måten å endre dette på, er å skifte til nyare versjon av IE.

Gimp er internasjonal!

For å kunne omsetje GIMP og også vere med å skrive handboka, måtte eg lære meg nokså mykje teknisk stoff og programmering i Linux. ( I dag er prosessen ein god del enklare, men krev framleis Linux). Oppgåvene var interessante men tidkrevjande, særleg sidan eg bruker Windows. Eg måtte altså ha hjelp utanfrå. Dei som har hjelpt meg mest med omsettinga, programmeringa og kodinga er Roman, Alex og Ulf frå Tyskland og Julien i Frankrike. (Det var forresten Julien som fekk meg med i arbeidet). Dessutan har eg hatt god hjelp av Nickolay frå Russland når det gjeld å finne ut av det indre livet til dei ulike programma som blir brukte i arbeidet. Amerikanske Sally har hjelpt til med definisjonar av spesielle uttrykk. Ingen av desse kan norsk, så finn du språkfeil eller omsetjingsfeil i den norske utgåva, må du skulda på meg. Ville vere fint om du i tilfelle sende meg noen ord.

Dei norske fagtermane har eg fått god hjelp av omsetjarforumet for Linux og Ordsmia (Norsk språkråd) til å finne ut av. Sjå nærare om desse i menyvalet fagtermar.

Kolbjørn

      

GIMP logo
Opningssida for GIMP 2.2


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012