Tilbake til startsida

GIMP


 

 


 

Bildebehandling

 

Wilber icon Val av program

  • Har du til tider drøymt om eit skikkeleg bildebehandlingsprogram?
  • Ønskjer du deg eit program som kan gjere meir enn den «gratis» programvaren du får når du kjøper fotoutstyr?
  • Er du såpass avansert at du har begynt å spare til PhotoShop eller eit anna profesjonelt program?

Svarer du ja på desse spørsmåla, er du tydelegvis ikkje klar over bildebehandlingsprogrammet GIMP. Med GIMP kan du gjere det aller meste du måtte ha bruk for av bilderedigering. I tillegg mange ting du aldri har tenkt på. Prisen er det heller ikkje avskrekkande. GIMP er ein del av den veksande gruppa gratisprogram med open kjeldekode som kan brukast gratis av alle. Det kostar bare litt tid til nedlasting frå http://www.gimp.org/downloads/.

GIMP kan brukast til det aller meste innan bildebehandling. Programmet er best på rein bildemanipulering, godt brukbart for å lage eigne bilde, og minst eigna til vektorgrafikk.

GIMP finst på 131 ulike språk (november 2015), også bokmål og nynorsk.

Hjelp for GIMP finst på 16 språk, mellom anna nynorsk. Dokumentasjonen er ikkje omsett til bokmål.

Wilber ikon Installere GIMP

GIMP blir installert på same måten som du gjer med andre program. Last ned GIMP frå www.gimp.org/downloads/. Sjå etter at du får versjonen som passar operativsystemet du brukar.

Wilber ikon Hjelp på norsk

Når du installerer GIMP er hjelpsystemet ikkje med i oppsettet. Du kan bruke hjelp direkte frå nettet, men som oftast er det enklast å legge hjelpfilene inn i maskinen. Hjelpfilene finn du litt nede på same sida som du lasta ned GIMP frå. Klikk på hjelpfila i det språket du ønskjer. Dersom filene ikkje blir lagt inn automatisk, må du gjere det manuelt. Kopier filene over i mappa GIMP pil  share pil  gimp pil  2.0pil help. (Dersom mappa «help» manglar, må du lage ho). (I GIMP opp til og med verson 2.4 må du i tillegg syte for å få med bildefilene, men kvifor bruke ein så gammal versjon. Sjå i tilfelle i menyinnslaget «Førstehjelp»).

Wilber ikon Kome i gang

GIMP er eit nokså avansert program. Sjølv om utviklarane stendig prøver å forbetre GIMP og gjere det meire brukarvenleg, er inngangsterskelen framleis i høgste laget. Dette betyr at du må arbeide litt for å få tak i korleis du best kan gjere deg nytte av programmet. (GIMP er likevel svært enkel i bruk samanlikna med t.d. PhotoShop, om det kan trøyste nokon). Bruker du ei lita kveldsstund på å leike litt rundt med eigne foto i GIMP, vil du truleg kunne ende opp med nokså avanserte bilde innan kvelden er slutt. Sjølvsagt vil eg tilrå at du bruker Hjelp ikkje bare når alt anna sviktar. Handboka er utruleg informativ.

Det finst også mange innføringar i GIMP på internett, men dei er stort sett på engelsk. Søk på «gimp innføring», «gimp tutorials» eller liknande på nettet.

GIMP er under stendig utvikling. Sidan programmet er gratis, er det ingen grunn til å arbeide med anna enn siste versjon.

 

Wilber ikon Tilbakemeldingar

Sjølvsagt er eg interessert i tilbakemeldingar frå brukarane, særleg om du finn store eller små feil i språkbruken. Bruk i tilfelle knappen «Send melding» nede til høgre på denne sida. Der terminologien på nynorsk skil seg ut frå den på bokmål, har eg vore i kontakt med diverse faginstitusjonar og språkfolk, og sjølv om eg har vore nokså flink til å følgje råda, har eg gjort mange av vala etter eige skjønn. Likevel kan andre ha heilt andre meiningar om ordvala mine. Eg er ikkje språkfilolog, men ein nokså praktisk orientert realist med interesse for godt verktøy i alle situasjonar, også når det gjeld språk.

 


Wilber icon  Gå til nettsidene for GIMP Wilber ikon  Diverre er den norske brukarsida for GIMP lagt ned.
 Valid HTML 4.01 Transitional 

Helsing
 Kolbjørn


 

Generelt: | Om hjelp på norsk | Skifte språk |Fagprat |
Tips: | Å bruke lag | Retusjering | Å lage plakat | Å gjere bildet skarpare | Slanking | Banner 1 | Banner 2 |
Ordlister: | Fagtermar |

 


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 24. november 2015