Tilbake til startsida 

Framsida pil Kverner pil Kvernnamna
 

Namn i kvernhuset

frå Kvås i Lyngdal, Vest-Agder

 

Namn på dei ulike delene av kornkverna

Dei ulike delane av kverna er teikna i feil målestokk i høve til kvarandre.
   

 

Foto av kverna innvendes
 

Foto frå restaureringa av kverna

Svinet er tatt bort, men festet er synleg på kornvia. Gartrea er lause og går ikkje heilt rundt steinen slik dei skal gjera.
Kassen i forgrunnen er mjølkista.
Leta kjem opp gjennom golvet til høgre, utføre bildet. Kvernkallen er under kvernsteina

 

 

Sett ovanfrå, sviv kvernsteina same vegen som klokka. Kallsloget treff såleis litt på sida (innover i teikninga) av kallen. Noen kverner fekk vatnet inn på oversida av fjørene.

 


Litt om orda

For å stilla kor grovt kverna skulle mala, brukte ein leta og rett og slett løfte oversteinen meir eller mindre opp frå understeinen. Oversteinen kviler på kvernkallen som igjen kviler på ein stokk, grunnlågja. Grunnlågja er fest med ein bolt til fjell eller ein stor, grunnfast stein i den eine enden, medan den andre enden heng i ei stong, leta, som stikk opp ved sida av kvernsteina. På toppen av leta er det anten skruegang eller kiler som kan nyttast til å lette (heve, løfte) eller senke kvernsteinen.

Sjølve kvernkallen er av tre, men koplinga mellom kallen og oversteinen er ein jerntein, spendelen (truleg spindelen). Spendelen har på toppen eit jernstykke, sigle, som er felt inn i eit spor i oversteinen og såleis drar denne med seg rundt. Auga (holet) i understeinen som spennelen går gjennom er tetta med ein trekubbe, bussen, med eit hol som fungerer som eit lager for spennelen og samstundes hindrar at kornet renn ned her. Når bussen blei sliten, kunne det henda at kverna «lak i bussen». Holet måtte då strammast inn ved å slå tynne trekilar ned i bussen.

I nedre enden av kallen er det ein jernbolt, pigjen, som sviv mot ei metallplate, grunnpodda, fest på grunnlåggja. For å styra dette, går pigjen gjennom ein bøyel av smijern med eit passeleg hol i. Bøyelen er fest i grunnlåggja. Truleg hadde denne bøylen også eit namn, men det kjenner eg ikkje. Grunnpodda var gjerne eit gammalt, utslite økseblad eller ei liknande, hard jernplate.

Kornet blei tømd opp i kornvia, som er ei høveleg stor trakt med ein liten opning nedst. Under denne opninga heng svinet, ei trerenne som fører kornet ned i kvernauga i den øvre steinen. Hellinga på svinet blir justert med ei snor frå framkanten av svinet til ein treskrue på kornvia. Noen kverner hadde trekilar i staden for denne treskruen. Namnet på stillemekanismen kjenner eg ikkje, men som det meste, hadde sikkert også denne eit namn. Sidelengs ut frå svinet går det ein arm med fleire hol i. Gjennom eitt av desse hola gjekk skakaren, ein pinne i som i øvre enden støtter seg på kornvia og i nedre enden mot kvernsteinen. Når kverna sviv, rister denne pinnen i svinet og skakar (rister) kornet ned i kverna. Ved å kombinera hellinga på svinet og innstillinga av skakaren, kunne ein regulera kor mykje korn som skulle sleppast ned til maling.

Etter kvart som kornet blei male, kom det ut rundt heile kverna og blei liggjande på bordet, luen. For å samla mjølet, var det spent noen tynne fjøler noen få centimeter utføre og rundt steina. Desse fjølene blei kalla gartrea (ikkje med på teikninga, sjå foto) og mjølet som låg innføre gartrea blei kalla garen. På golvet framføre kverna sto ei mjølkiste (ikkje på teikninga, sjå foto). Det var opning i gartrea ved kista slik at mjølet etter kvart hamna i kista.

På dei fleste kvernene kunne ein slå av eller på vatnet og regulera farten ved hjelp av stenger eller snortrekk ut til vassrennene, slogan. Det øvre, vassrette sloget heitte glipsloget medan den renna som førte vatnet mot kvernkallen heitte kallsloget.

Snorene eller stengene som regulerte farten var kopla til noen lemmer som opna eller stengde for vatnet. Desse lemmene kunne anten vere i botnen på renna slik det var på denne kverna, eller på sida av renna. På noen kverner blei vassføringa regulert ved å svinge ein del av renna meir eller mindre til sides for hovudrenna.

  «Svinet» blei uttala omlag som «sveinet». «Sigle» med lang i som i sige. «Luen» blir uttala med tonelag som «stuen» i tydinga «han leigde enga på stuen», eller som gammaldags «kuen» for husdyret kua. «Garen» rimer på «haren.
Golvet heitte frå gammalt av «tilet/telet» i Kvås, men av ein eller annan grunn brukte dei her på garden ordet «golvet».
Bussen blei uttala med u. Ein rutebuss blei i Kvås uttala med o.

Hovudkjelde: Olav Stuestøl (1904 - 1995).

Artikkelen finst også i noe omarbeidd form i Lyngdalsboka 2002, utgitt av Lyngdal historielag 2002.

| Kvernhusa | Namna i kvernhuset |


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 13. januar 2016