![]() |
Framsida ![]() ![]() |
Dei vestre bygdene i Vest-Agder er rikt velsigna med bekker eigna som drivkraft til ulikt maskinelt utstyr. Nesten kvar gard hadde såleis si kvern. Sidan Stuestøl i si tid var delt i to bruk, har vi to kverner. I dag renn bekken ubrukt forbi dei gamle oppmura rennene og støttene for trerennene (sloga) som førte vatnet frå stemmen til kvernkallar og turbinar. Bekken gav liv og verksemd til heiegardane og sikra såleis busetnad og levekår for bygdene. |
![]() Bekken gav nødvendig kraft til mange maskiner |
![]() Den eldste kverna
Ingen veit når garden Stuestøl fekk den første
kverna, men den eldste som stå att er truleg frå 1805. Kvernhuset er
svært lite, tømra og hadde sjølvsagt torvtak. Opphavleg var
ytterkledningen av lindebork. Typisk nok står dette huset på
naboeigedommen, noe som var nokså vanleg. |
![]() Kvernhuset med vassrennene Den andre kverna er nyare, truleg frå rundt 1850, er bygd i panelt bindingsverk med torvtak, og inneheld også ei vedfyrt korntørke med vassdrive røring frå eigen kvernkall. Denne kvernkallen kunne også drive ei lita saltkvern som blei brukt til å male salt på. Eg veit ikkje noe meire om bruken av saltkverna, men det er tydeleg ei handkvern som er ombygd til drift frå kvernkallen. Det vanlegaste var å tørke kornet før malinga i badstova, men her har dei altså av ein eller annan grunn vald å lage ei eiga tørke. Etter det som blei fortald, blei tørka også brukt av nabogardane. Det einaste kravet var at dei måtte halde veden sjølv. ![]() Kornturka
Kverna blei sett i stand ca.1920, då det m.a. blei sett inn nye kvernstein. Alt, med unntak av turka, blei restaurert på nytt 1990 - 1995. Mykje av arbeidet med sjølve huset blei utført av brørne Olav (far min) og Trygve, som begge var godt vaksne, dvs. over 80 år på den tida. Eg oppfatta det som eit munnhell når dei påsto at «det held i vår tid», men det var visst alvorleg meint, for i 2003 måtte taket leggjast om. Vil du sjå kva dei ulike delane av kverna heiter, trykk her. |
Vonleg får vi eingong tid og råd til å bygge opp att tyngdehjulet og slogan (trerennene) som førte vatnet til hjulet. Vi har nok rester etter det gamle hjulet til at vi kan lage kopi. Eit lite stykke nedanfor verkstadbygget var det fram til rundt 1910 eit anna verkstadbygg og ei oppgangssag. Dette er det ikkje eingong spor etter nå. Sletta bygningane låg på blei på 1920-talet fylt opp med rydningsstein frå området høgare oppe i bakkane. Samstundes blei steinrenna til den øvste kverna laga. |
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 16. januar 2012 |