Tilbake til startsida 

Framsida pil Jakt

Meny gardssidene
 
 
 
 
 
Jakt
 
 

Skoten elg
Denne ser bra ut.

Utvomming av elgen
Matpause for jagarane, arbeid for skyttaren

Planlegging av neste jag
Kvar går neste jag?

 

Slaktinga av elgen
Kjøtet skal fordelast

 

Mest om elgjakt

Første laurdagen etter 5. oktober blir det folksamt på Kleiva frå tidleg om morgonen av. Alt i sjutida er dei første på plass. Dei siste etternølarane kjem ikkje før i åttetida, samstundes med at formannen i laget ønskjer velkomen og gir ordet vidare til leiaren. Jaktleiaren stig opp på steinen sin og held foredraget sitt om årets kvoter og avskytingsmønster og kva for jag som er aktuelle denne dagen. Opningsjaget i dag går frå Li og elva mot skyttarlinja mellom Høyland og Kornleitet. Flokken deler seg i to. Skyttarane samlar seg rundt jaktleiaren for kontroll av gevær og jaktkort og trekking av postar. Fire av dei fekk ingen post dette jaget, og ruslar over til jagarane. 

For å kome på plass, må tre jagarar kravle opp Humlestigen og tre andre frå «Slåta av Bendik», heilt nede ved elva. Begge stadene så bratte at ein må bruke alle fire for å kome opp. Ingen problem å finne seks spreke karar til denne manndomsprøven. Resten går ut frå Li. Linja blir etablert. Alle som treng det, får instruks om lengde på jaget, hovudretninga, korleis det ser ut der dei kjem fram, og kva kjennemerke dei kan følgje dersom dei går seg vill. Når siste jagaren er plassert, er klokka halv ti. Snart etter melder Ingolf over radioen at dei frå andre sida er på plass. Jaget kan byrje. Jakta er i gang på ordentleg.

Det blei ein kalv denne gongen.

Eigentleg er det vel nå forteljinga skulle byrja. Det er i pausane dei gode historiene kjem fram. Der fyndorda har rette miljøet. Resten av året er det dette som blir hugsa og fortald i detaljar. Slitet gjennom endelause myrar, opp og ned av fjelltoppar, gjennom steinurer og langs nesten utilgjengelege beverdammar i ein fot snø. Dagar då kvelden kjem som ei forløysing frå alt som er vondt her i verda. Alt dette blir gløymd. Det som står att er utsynet frå fjelltoppane i klårt haustvêr, hjortefamilien du støytte på, matpausen i solbakken, rimkvite bjørker i motlys. Dagar då du på heimvegen tar ein ekstratur opp på næraste fjelltopp bare for turen si skuld.

Elgjakta er den sosiale storhendinga i distriktet. Tidsrekninga om hausten er stort sett før, under og etter elgjakta. Månaden oktober er utradert. Det blir i staden helga før elgjakta, andre måndagen i elgjakta. I fjor kom første snøen tredje søndagen i elgjakta. På den offisielle kalenderen blir dette 20. oktober 2002. 

Det sosiale mønsteret i jakta nokså spesielt. Alle blir behandla etter den funksjonen dei har under jakte, ikkje etter status i det sivile. Bedriftseigaren kan oppleve å jage eller poste saman med ein av undersåttane sine. Kanskje blir begge kommanderte av ein murar eller ein likningsfunksjonær. Grunneigaren med 3 km2 deler jaktopplevinga og utbyttet likt med den som har 300 dekar. Denne jaktforma er for heile bygda, ikkje bare for eliten slik det er mange andre stader. 

Fenomenet jakt er for mange heilt uforståeleg. Traske rundt i skogen og drepe uskuldige dyr. Skyte kalven frå den sørgjande elgmora eller ta livet av det uskuldige rådyret. Når dyret er drepe og utvomma, blir det slept gjennom myrar og over steingjerde. Kanskje lempa på ein tilhengar eller ei traktorskuffe for å bli frakta til ein eller annan garasje der skrotten blir hengt opp til modning. Nokså uverdig avslutning på eit fritt og godt liv ute i naturen. Innvendingane er forståelege sett frå det urbane mennesket sin synsstad, men held  ikkje i praksis. Reagerer du forresten på bildet i midten? Skyttaren skal til å vomme ut elgen, dvs. ta ut innmaten av dyret, medan jagarane nyt nistematen sin. Dei er i nærleiken i tilfelle slaktaren treng hjelp. (Vi har den regelen i laget at den som skyt dyret skal vomme det ut. Han har også førsteretten på innmaten og eventuelt gevir.) 

Mennesket har i noen tusen år gripe inn i og skipla skaparverket slik at det på ingen måte er så naturleg som vi trur. I praksis er det utopi å snakke om «uberørt natur», i alle fall i dei områda der det er aktuelt med jakt. Mennesket er med på å lage ugreie, og må difor også ta på seg ansvaret for å lage ballanse i systemet. Det vi kallar natur er i praksis nokså unaturleg. 

Naturen i seg sjølv er meir nådelaus enn den dårlegaste jegeren. Blir det for mange av ein art, set naturen inn tiltak for å avgrense mengda. Insekt, pest eller annan sjukdom er mykje nytta, helst for smådyr og planter. Utsvelting er ein annan måte. Oppformering av naturlege fiendar blir også brukt. Dette ser vi heile sommaren i plenen eller potetåkeren. Begge deler unaturlege samlingar av gras eller poteter. Vi grip til sprøytemiddel eller andre hjelperåder. Blir det mykje rådyr i eit område, kjem det snart meldingar om observasjonar av gaupe. Kanskje kan oppsvinget i ulvebestanden på Sørlandet forklarast med overbefolkninga av elg. På 1990-talet var det svært mykje elg. Mange av dei skotne dyra  hadde skader eller var sjuke. Det hende dyra var så dårlege at vi fekk nye på kvoten. Valdet vårt hadde kvoter på opp til 16 dyr. I dag er vi nede i 6-7 dyr. Truleg har vi nådd ballansenivået mellom mengda av elg og mengda av beite. Elgane ser i alle fall trivelege ut.

Hjortejakta er nokså ny her i distriktet, og har vel difor ikkje fått festa seg sosialt på same måten som elgjakta. Jaktforma innbyr vel heller ikkje til dei store folkesamlingane. Bare dei ivrigaste orkar å gå ut i firetida om morgonen i håp om å få ein hjort eller to. 

Har du merknader, kan du gjerne sende dei til meg.

 

| Om oss | Kleivvannet |Hytta | Torvevegen | Jakt | Gardsdrift |


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 16. januar 2012