Tilbake til startsida 

Framsida pil Hytta

Hytte ved Kleivvannet

(Kvås i Lyngdal)


Meny gardssidene
 
 
 
Hytta
 
 
 
 

Innreiing
Hytta, som ligg i Sandviga ved Kleivvannet, er på ca. 35 m2 og inneheld kombinert kjøkken og stove i tillegg til eit soverom med 2 køysenger og ei enkeltseng. Utedo. Innlagt elektrisk straum og kaldt vatn. (Vatnet blir kopla frå om vinteren). Passer for 2 - 3 personar.

Avstander
Ca. 12 km til Lyngdal sentrum. Ca. 80 km frå Kristiansand og ca. 170 km frå Stavanger. Bilveg heilt fram til døra.

Mobiltelefon
Det er delvis dekning for Telenor og litt betre dekning for NetCom ved hytta. Full dekning for Telenor 2-300 meter frå hytta.

Tilbod
Avstanden til Kleivvannet er ca. 20 m. Skog og hei nesten til hytteveggen. Rundt hytta finn du godt turterreng, også med oppmerka sti, der du kan oppleva elg, hjort og bever og mange andre dyr. Du kan bade eller fiske aure i Kleivvannet.

I Lyngdalsområdet er det mange tilbod for turistar og fastbuande heile sommaren og store delar av vinteren. Av dei nokså årvisse kan nemnast Utvandrarfestivalen i Kvinesdal, Tinget i Hægebostad, Kaperdagane i Farsund, Skalldyrfestivalen i Mandal, Sommardansen, Dyrskuet og Lyngdalscupen i Lyngdal mm.

Heile året kan du bade i Sørlandsbadet i Lyngdal eller dra på tur til Vikingland i Spangereid. Samstundes kan du stikke innom Barnas dyrepark der. Du finn dei på vegen til Lindesnes fyr. Sjølvsagt er det også andre, meir vanlege tilbod i nærområdet. Lyngdal er kjent som staden der du får kjøpt det aller meste.

 

Hytta er for tida under restaurering og ikkje til utleige.

Jonsok ved hytta
Jonsok ved hytta

 

Grillselskap ved hytta
Naboselskap på plenen framføre hytta

Kart til hytta

| Om oss | Kleivvannet |Hytta | Torvevegen | Jakt | Gardsdrift |


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 12. april 2013